søndag 2. desember 2012

2 Sam 23, 1-5. Tillit til Gud


Dette er kong Davids siste ord. Kong David var den største av Israels kongar. Han var også på mange måtar ein tragisk person. Han fall i synd og hyste onde tankar. Likevel hadde han Guds nåde og velsigning. Dette fortel noko om Guds vesen. Her ser me Bibelen sin Gud.

Gud sette David høgt. Gud salva David til konge. Herrens Ande talte gjennom han, slik me framleis kan sjå det i alle David-salmane i Salmenes Bok i Bibelen. Guds ord var på Davids tunge.
David taler profetisk, han har fått ord rett frå Gud: Ein rettferdig herskar skal stå fram, ein som herskar i gudsfrykt. David var på mange måtar eit forbilete på Kristus som konge for Guds kyrkje. Men den herskaren som skal kome, skal vere lik lyset om morgonen når sola står opp, ein morgon utan skyer. Dette er ein av dei mange Kristus-profetiane i Det gamle testamentet. Trass i sine manglar og fall må David ha vore ein stor mann som stod Gud nær. Det er ikkje alle menneske som kan gje slike vitnesbyrd når dei skal ta avskil med denne verda. Det kunne vere eit ønskje og ei bøn om nokon av oss også fekk ende livet med slik mektig tale.

Til slutt nemner David pakta som huset hans har med den levande Gud. Ei evig pakt – trygga og ordna i alle delar. All mi frelse og alt godt – skulle Han ikkje late det gro fram? David må ha hatt ei veldig tillit til Gud. Og denne tillita hadde han heilt til sin dødsdag. Slik tillit – slik tru – veks ikkje fram av seg sjølv. Ho er planta der av Gud. Skal me få del i noko av det same, må Gud legge det inn i sjela vår. Då kan me og gje vitnesbyrd om Gud som Frelsar og om Guds pakt med si kyrkje.  Der Gud kjem menneske nær, blir det gode preiker.

2 Sam 23, 1-5

Så seier David, son til Isai,
          så seier mannen som Gud har reist opp,
          han som er salva av Jakobs Gud,
          og som har dikta Israels songar:
   
 2 Herrens Ande talar gjennom meg,
          hans ord er på mi tunge.
   
 3 Israels Gud har tala,
          til meg har Israels berg sagt:
          «Den som styrer menneske med rettferd,
          den som rår med gudsfrykt,

   
 4 er lik morgonlyset når sola går opp
          ein morgon med skyfri himmel;
          gjennom solskin og regn
          lèt det graset gro fram or jorda.»
   
 5 Slik har mitt hus det med Gud.
          For han har gjort ei evig pakt med meg,
          vel ordna og trufast halden.
          Ja, alt som tener til mi frelse,
          alt eg ønskjer, lèt han gro fram.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar