søndag 2. desember 2012

1 Kong 3, 5-14. Å vente alt godt frå Gud

Å vente alt godt frå Gud er sjølve grunnfjellet i trua. Gud vil me skal vende oss til Han og ha tillit til Han. Det stadfester Han når Han seier til Salomo:  «Bed om kva du vil. Eg skal gje deg det!». Dette er ikkje tomme løfter, ikkje til Salomo og ikkje til oss. Gud vil me skal vende oss til Ham i bøn, og Han vil velsigne oss i alle andelege og timelege ting..

Me merker oss at David i si bøn tek til med ei lang lovprising av Gud. Det minner oss om at i vårt bøneliv og trudomsliv er Gud midtpunktet og vår trong og våre ønskjer mindre viktige. Slik er det også i Fadervår, der me i hovudsak prisar og ærar Gud, og berre kort nemner våre behov. Ei slik haldning er rett i all bøn. For Gud vil gje oss det me skal ha i rett tid, i rett mål og på rette måten. Korleis og når han vil velsigne oss, veit berre Han.

Kong Salomo bad om å få tene folket sitt som ein vis konge og dommar. Han bad ikkje først og fremst for seg sjølv. Dette er ei rett bøn for Gud. For når me tener vår neste, tener me også Gud. Dermed gjev Gud også Salomo alt anna i tillegg: eit langt liv, rikdom og ære. Dette fortel oss noko om Gud. Så sant me let Han, vil Han velsigne oss med rike gåver. Men då må me setje Gud og nesten først. I det sjette kapitlet i Matteus-evangeliet står det slik: «Søk først Guds rike og Hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg».

1 Kong 3, 5-14
I Gibeon synte Herren seg for Salomo i ein draum om natta. Gud sa: «Bed om kva du vil. Eg skal gje deg det!»  6 Salomo svara: «Du har vist stor miskunn mot din tenar David, far min, fordi han ferdast for ditt andlet i truskap og rettferd og hadde eit hjarte som var ærleg. Og denne store miskunn har du halde fast på. Du gav han ein son som skulle sitja på kongsstolen hans, så som det er i dag. No har du, Herre, min Gud, gjort tenaren din til konge etter David, far min. Men eg er berre ein ungdom og veit ikkje korleis eg skal bera meg åt i eitt og alt.  Her står tenaren din midt imellom folket ditt som du har valt ut, eit folk så stort at det ikkje kan teljast, og så talrikt at det ikkje kan reknast.  Så gjev då tenaren din eit hjarte som kan høyra, så eg kan styra folket ditt og skilja mellom godt og vondt. For kven kan elles styra dette folket, så stort som det er?» At nett dette var svaret frå Salomo, var godt i Herrens auge. Og Gud sa til han: «Sidan du bad om dette og ikkje om eit langt liv eller rikdom eller at fiendane dine skulle døy, men om vit til å skjøna kva som er rett, så vil eg gjera det du har bede om. Eg gjev deg eit vist og vitug hjarte. Aldri før har det vore nokon som deg, og din like skal heller aldri koma. Og det du ikkje bad om, vil eg gje deg, både rikdom og ære. Så lenge du lever, skal det ikkje finnast din like mellom kongane. Og ferdast du på mine vegar og held lovene og boda mine, liksom David, far din, gjorde, så skal eg gje deg eit langt liv.»

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar