søndag 31. mars 2013

1 Kong 22, 7-9 Når Guds Ord dømer oss

Det hender at me ikkje likar det Gud seier om oss i sitt Ord. Då må me vere på vakt! Slangen i Paradis talte til kvinna og spurte: "Har Gud verkeleg sagt...?" Dermed åt Eva og Adam frukta på treet. Det endte med at dei måtte ut frå Edens hage. Når me ryggar unna for ord i Bibelen, kan me rekne med at sjelefienden er ute for å prøve oss. Guds Ande arbeider på ein heilt annan måte. Guds Ande hjelper oss til å tru Ordet (Joh 14,26; Joh 15,26; 2 Pet 1,21). Men fienden vil helst at me skal tvile. Og skulle me likevel tru, er kjødet veikt og snart til å falle i freisting. Kvar dag møter me dette. Menneskenaturen står Guds Ord imot.

Var det ikkje for Guds nåde, var det ingen som kunne kalle seg ein kristen eller eige vona om eit evig liv i Paradis. Det hadde ikkje vore noka kyrkje der Guds ord blir preikt eller dåp og nattverd halde i hevd. Og me måtte ha slite med vondt samvit og otte like fullt. For Lova står skriven i hjarta til kvart menneske. Det er berre evangeliet om Guds nådefulle kjærleik som må takast imot gjennom Jesus - mellommannen, som har lagt til det me sjølve manglar til frelse og forsoning.

Difor lyt me tenkje oss om før me vender ryggen til Guds Ord. Skulle det hende at Guds Ord dømmer tankane, orda eller gjerningane våre, så er det sanninga om oss. Då skal me i staden gjere bot og vende om. For Gud vil ha oss saman med seg i Paradis. Og Guds Ande vil gje oss eit audmjukt hjarta og eit botferdig sinn, slik at me kan ta imot Guds råd og rette oss etter dei. "For menneske er det umogleg, men ikkje for Gud. Alt er mogleg for Gud" (Mark 10,27).

1 Kong 22, 7-9
Men Josjafat sa: «Er det ingen annan av Herrens profetar her som vi òg kunne spørja?» Israels-kongen svara: «Det finst endå ein som vi kunne få til å spørja Herren. Men eg hatar han, for han profeterer aldri noko godt om meg, berre vondt. Det er Mika, son til Jimla.» Josjafat sa: «Kongen skulle ikkje tala så!»  Då ropa Israels-kongen på ein av hoffmennene og sa: «Skund deg og hent Mika, son til Jimla!»

fredag 22. mars 2013

1 Kong 21, 25-29 Gud miskunnar ein syndar som vender om

Me høyrer i dette kapitlet om korleis kongen og dronninga misbrukte makta si til å rane til seg det som ikkje var deira. Ubunde av tidsalder, omstende, kultur eller religion var framferda deira umoralsk og grufull. Så langt var israelsfolket falle frå Herren sin Gud. Og dei fremste i folket gjekk føre i avgudsdyrking og synd.

Men Gud sende profetar til å tale kongane imot og minte dei om Guds bud og vilje. Stundom sa profetane fram domsord om Guds straffedom for dei som ringeakta Han. Då profeten Elia kunngjorde for kong Ahab at kongsætta ville døy ut med han, trega kongen og gjorde bot for Herren. Han kledde seg i sørgedrakt og fasta. Gud såg at angeren var oppriktig og sann. Då gjorde Gud om sitt råd. Ulukka ville ikkje kome i Ahabs tid.

Lova i forteljinga om Ahab og Jesabel er at menneska ikkje skal ha andre gudar enn Han. Evangeliet er at Gud såg i nåde til Ahab når kongen gjorde bot og av hjarta trega sine synder. Dette er lærestykket frå denne teksten: Me skal elske Herren vår Gud av heile vårt hjarta, av heile vår sjel og av alt vårt vit. Og me skal elske nesten som oss sjølv. Likevel hender det at me mislukkast. Då skal me vende om til Gud i anger og bot. Og Gud vil sjå i nåde til oss og la oss sleppe straffa. Paulus seier det slik: Men no er de vaska reine, de har vorte helga, de er gjorde rettferdige i Herren Jesu Kristi namn og i vår Guds Ande (1 Kor 6,11). Soleis blei Ahab vaska rein frå si synd.

1 Kong 21, 25-29
Aldri har det vore ein slik konge som Ahab. Han selde seg til å gjera det som var vondt i Herrens auge, fordi Jesabel, kona hans, lokka han til det. Men det styggaste var at han følgde avgudane, heilt og fullt som amorittane hadde gjort, dei som Herren hadde drive bort for israelittane.  Då Ahab høyrde kva Elia sa, reiv han sund kleda sine, batt sekkestrie om kroppen og fasta. Han sov i sekkestrien og gjekk stilt omkring. Då kom Herrens ord til Elia frå Tisjbe: «Har du sett at Ahab har audmjuka seg for meg? Fordi han audmjuka seg, vil eg ikkje la ulukka koma i hans tid. Men i tida til son hans vil eg la ulukka koma over hans hus.»

søndag 17. mars 2013

1 Kong 20,13 Herren skal strida for dykk

Det gamle testamenter er fullt av slag og krigar. Ofte lovar Gud siger til Israels og Judas kongar. Eller tap. Me høyrer tidt at mange fell i desse krigane. I det nye testamentet lærer me å vende det andre kinnet til. Her ser me to sider av Guds rike. Den eine er Guds kamp mot synd, djevel og død. Den andre er den kristne si heilaggjering i Guds Ande. Begge delar er sanne. Og begge delar er like mykje røyndommar nå som før.

Gud kjempar kvar dag ein kamp mot Djevelen. Denne kampen vil Gud vinne den siste dagen. Hadde ikkje Gud stått med oss i denne kampen mot freisting, synd, sjukdom og død, ville ingen blitt frelst, og det hadde ikkje vore noka kyrkje på jord. Men Gud slåsst for oss. Jesus gjekk inn i denne striden og gav livet for oss. Så me kan vere trygge på utfallet. Samstundes kjenner me kvar dag korleis vår fiende herjar, sparkar og slår.

Me kan lite gjere i dette oppgjeret mellom Det gode og Det onde. Men me kan be Guds Ande gje oss styrke til å bli ståande når kampgnyen blir for sterk eller fienden overmannar oss. Moses talte slik til israelsfolket då dei stod andsynes ein stor fare: "Herren skal strida for dykk, og de skal vera stille" (2 Mos 14, 14).  Sjølve striden tek Herren seg av. Og då Jesus stod opp av grava påskedag, var sigeren vunnen ein gong for alle. I Himmelen skal me få oppleve den freden me ikkje fekk her på jord.

1 Kong 20,13 
Då gjekk ein profet fram for Ahab, kongen i Israel, og sa:
          «Så seier Herren:
          Ser du denne store flokken?
          I dag gjev eg han i dine hender,
          og du skal sanna at eg er Herren.»

søndag 10. mars 2013

1 Kong 19, 3-8 Gud er med oss

Profeten Elia er ein av dei store heltane i bibelsoga. Han forkynte Guds ord i ei tid då israelsfolket og kongane deira hadde gløymt sin Gud, den eine sanne Gud. I det ytre kunne det sjå ut til at heidenskapen skulle bli einerådande på jorda. Det var ei lagnadstung tid for Guds kyrkje og Guds freleseverk, kunne me tenkje. Men Herren var like sterk i Elias tid som då Han skapte jorda eller reiste Kristus opp frå dei daude. Me må aldri tenkje at Gud ikkje har styringa eller all makt i Himmel og på jord. Det fekk Elia sanne.

Då profeten Elia var på flukt frå forfølgjarane sine, sat ute i ørkenen og berre ønskte å døy, kom Gud til han. Englar bar fram mat og drikke og talte vennleg til han. Styrkt av denne himmelkosten gjekk profeten etterpå i førti døger. Då han kom til fjellet Horeb, fekk han tale med Gud sjølv. Så blei Elia send for å utføre fleire store oppgåver for Herren. Tenesta var ikkje slutt, og Gud skulle gjere fleire storverk gjennom Elia.

Det skjer nokon gonger at den kristne ikkje ser Guds hand i livet sitt. Det kan vere bratte motbakkar som aldri synest ta slutt. Eller mørke dalar der sola aldri tykkjest skine. Eller bøner me ikkje får svar på. Men forteljinga om Elias viser oss at Gud er den same. Det er ikkje vår synskrins eller  tru eller kjensler det står på. Gud veit kva Han vil, og Han gjennomfører det Han har sett seg føre. "Jesus Kristus er i går og i dag den same, ja, til evig tid" (Hebr 13,8).

1 Kong 19, 3-8
Då vart Elia redd og skunda seg av stad for å berga livet. Han kom til Beer-Sjeba, som ligg i Juda. Der lét han tenesteguten sin bli att. Sjølv gjekk han ei dagsreise ut i ørkenen. Han kom til ein gyvelbusk, sette seg under han og bad om å få døy. «No er det nok, Herre!» sa han. «Ta livet mitt! For eg er ikkje betre enn fedrane mine.» Så la han seg ned og sovna der under gyvelbusken. I det same rørte ein engel ved han og sa: «Stå opp og et!»  Og då han såg seg om, fekk han auge på ein brødleiv, baka på glødande steinar, og ei krukke med vatn ved hovudet sitt. Han åt og drakk og la seg att.  Men Herrens engel kom ein gong til, rørte ved han og sa: «Stå opp og et! Elles blir vegen for lang for deg.»  Då stod han opp og åt og drakk. Og styrkt av maten gjekk han førti dagar og førti netter til han kom til Guds-fjellet, Horeb.

lørdag 2. mars 2013

1 Kong 18, 27-29 Å gå rundt det rette alteret

Herrens profet Elia og Baal-profetane bygde kvart sitt alter. Ball-profetane brukte mesteparten av dagen på å påkalle guden sin. Ingenting skjedde. Men då Elia ropte til Gud: "Herre, svar meg!", for eld frå himmelen og brente opp både offerkjøtet, veden og vatnet dei hadde aust oppå. Folket kasta seg ned med anletet mot bakken fordi dei skjønte at Herren er Gud.

For mennesket er det om å gjere å gå rundt det rette alteret. Tidt let me oss leie rundt andre gudealter. Men der går me forgjeves. Me kastar bort tid og krefter me kunne nytta til betre ting. I verste fall gløymer me heilt Guds alter og tilbedinga der. Me blir avgudsdyrkarar. Om ikkje til Baal, så til alt anna som dreg oss bort frå Guds rike. Det er nok av freistingar og avleiiingar som kan føre den kristne vill, er han ikkje på vakt.

Ved Guds alter går det slik til: Me vender oss til Gud i bøn, og Han svarer. Korleis svarer Han, seier du? Ved å sende Son sin, Jesus Kristus, til jorda som heimsens frelsar. Ved å sende sin Ande til alle som vil vere Guds born, for å skape tru i hjarto deira og minne dei om Guds vilje. Ved å kalle sanne profetar, prestar og predikantar til å trøyste og rettleiie menneske som søkjer fred med Gud. Men me må halde oss til det rette alteret. Då vil Gud sende eld også inn i våre liv.

1 Kong 18, 27-29
Då det hadde vorte middag, hånte Elia dei og sa: «Rop høgare! Han er då gud. Han er vel fallen i tankar, eller han har gått avsides eller er ute på reise. Kanskje han søv og må vakna.» Så ropa dei endå høgare og rispa seg med sverd og spyd, som dei hadde for vane, til blodet rann nedover dei. Då det leid over middag, tok dei til å tala over seg. Slik heldt dei på til den tid grødeofferet blir bore fram. Men det kom ikkje ein lyd; det var ingen som svara og ingen som ensa dei.

fredag 1. mars 2013

1 Kong 17, 5-6 Å leve i tru på Gud

I det ytre er det det ikkje mykje som skil gudfryktige frå vantru menneske. Helst kan det tykkjast at vantru folk blir meir velsigna enn gudfryktige.  Profeten Elias var lydig mot Gud og gjekk med domsord til folket og kongen. Så bad Gud han røme ut i øydemarka. Der skulle han bu. Likeleis var det med enkja i Sarepta. Ho var så fattig at ho tenkte at ho og sonen snart kom til å døy. Men både Elias og enkja var gudelege menneske, langt komne i kjennskap og kjærleik til Gud. Likevel var liva deira fulle av sorg, strev og otte

Slik er det kan hende med mange truande menneske. Gud gjev dei motgang og trengsler. Tidt har den kristne vondt for å skjøne korfor han skal bere så tungt. Stundom er det jamvel slik at dess meir den kristne lever etter Guds kall og bod, dess brattare synest bakken og dess lengre vegen. Dess hardare motbøren og dess større forsakingane

Det kan vere ei trøyst for den truande å lese desse versa om Elias i øydemarka og om enkja i Sarepta. Til Elias sende Gud ramnar med mat morgon og kveld. Det var eit under og eit teikn for Elias om Guds omsut og allmakt. Og den gudfryktige enkja fekk oppleve at mjølkrukka aldri blei tom, og at sonen hennar blei vekt opp av daude. « Søk først Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg», seier Jesus i Bergpreika (Matt 6,33). Det galdt Elias og den fattige enkja. Det løftet gjeld oss og.

1 Kong 17, 5-6
 Så gjekk han og gjorde som Herren hadde sagt. Han gjekk til bekken Kerit, aust for Jordan, og slo seg ned der. Ramnane kom til han med brød og kjøt kvar morgon, og med brød og kjøt kvar kveld, og han drakk av bekken.