søndag 2. desember 2012

1 Kong 1, 50-53. Adonja søkjer til heilagdomen.

Salomos storebror, Adonja, ville ha trona til Salomo. Med det gjekk han imot Guds vilje. Men då Adonja skjønte at Salomo likevel kom til å bli konge, gjorde han teikn til anger. Han søkte vern i Guds hus, ved å ta tak i eitt av dei fire alternhorna. Av dette ser me korleis sjølv dårlege menneske kan vere gode førebilete for oss. Når me blir skremde av våre eigne onde tankar, ord og gjerningar, så må me óg haste til Gud og søkje ly hos Han. Me lyt klamre oss til alterhornet og trygle Han om miskunn. Då vil Gud vere oss nådig.

Me ser av fortellingen at kong Salomo også var nådig mot sin eldre bror. - Gå heim til ditt hus, baud kongen. Slik var lova. Den som søkte vern i heilagdomen, skulle sleppe fri. Dette er også ein hovudregel i kristendomen. Går me til Gud med vår skuld og våre lovbrot, tilgjev Gud det gale me har gjort. Me har kan hende ikkje noko alter å gripe tak i. Men me kan halde fast på Guds løfter, slik me høyrer om dei i Bibelen. Det er ein god ting for syndaren å søkje til Bibelen for å få råd og trøyst. Det er lett å sjå ned på Adonja. Han får ikkje mykje fagnad i Skrifta. Men me lyt hugse han med vyrdnad av éin grunn: Han søkte til heilagdomen når han blei skremd av sitt eige brotsverk

1 Kong 1, 50-53
Adonja vart så redd Salomo at han reiste seg, gjekk av stad og greip fatt i altarhorna. Salomo fekk melding om at Adonja var vorten så redd kongen at han hadde gripe tak i altarhorna og sagt: «No må kong Salomo sverja på at han ikkje vil la tenaren sin døy for sverd.» Salomo sa: «Oppfører han seg som ein heiderleg mann, skal det ikkje bli krumma eit hår på hovudet hans. Men gjer han seg skuldig i noko vondt, skal han døy.» Så sende kong Salomo folk av garde for å henta han ned frå altaret. Då han kom til kong Salomo, kasta han seg ned for han, og Salomo sa til han: «Du kan gå heim.».

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar