fredag 14. juni 2013

Esekiel 5, 9-11 Von i ei vond tid

«Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av alt ditt vit.Du skal elska nesten din som deg sjølv’ (Matt 22, 37-39). På denne måten samanfattar Jesus heile Guds lov for menneskeætta.

Men i Esekiel si tid var det ikkje slik. Folket hadde gjort tempelet ureint med avgudsdyrking. Og me høyrer om menneskeeting. Så lågt var Guds folk falle. Ingenting var rett. Folket elska ikkje Gud, men vanhelga Hans heilagdom. Folket elska ikkje kvarandre. I staden sokk dei så lågt eit menneske kan søkke: Foreldre åt borna sine, og borna åt foreldra. Me får skildra ei fråfalls- og ulykkestid som me sjeldan høyrer om i Bibelen eller i verdssoga elles. I Esekiels levetid blei Jerusalem hærteken, Salomo-tempelet øydelagt og israelsfolket tvangsflytta til Babylon.

Liksom Gud jaga Adam og Eva ut av Eden, sende syndfloda i Noas tid og lot israelsfolket vandre i ørkenen i førti år under Moses, slik fekk fråfallet under Esekiel den følgja at folket blei jaga ut or sitt eige land - det lova landet - og måtte bu som framande i Babel. Gjennom Esekiel blir me atter ein gong minna om forskjellen mellom å leve med Gud og å stå Gud imot.

Men ein rest skulle bli spart (Esek 5, 3). I all uroa og fortvilinga var der von. Slik evangelisk, håpefull tale høyrer me også i samband med Adam og Eva, Noa og ørkenvandringa under Moses. På same viset må me leite etter Guds nådeløfter i vår eiga tid og i våre eigne liv. Gud hjelpe oss til å finne dei og halde fast ved dei.

Esekiel 5, 9-11
Eg vil gjera mot deg noko som eg ikkje før har gjort og aldri meir kjem til å gjera, på grunn av alt det avskyelege hos deg. Difor skal foreldre hos deg eta borna sine, og born skal eta foreldra sine. Eg held dom over deg og spreier restane av deg for alle vindar. Difor, så sant eg lever, seier Herren Gud: Fordi du har gjort heilagdomen min urein med alle dei motbydelege og avskyelege gudane dine, skal eg òg bruka rakekniven. Eg vil ikkje visa medkjensle og ikkje spara deg.

torsdag 13. juni 2013

Esek 4, 4-6 Kristus oppfylte teikna

Profeten Esekiel var ikkje Messias. Likevel ser me skuggen av Jesus når Gud talar til han. «Menneskeson», kallar Gud profeten. Det same namnet gav Jesus seg sjølv. Og Esekiel får i oppdrag å «bere folkets misgjerningar».  Mange stader i Det gamle testamentet talar Gud til folket gjennom teikn. Noah fekk regnbogeteiknet. Moses gjorde mange teikn. Og profetane etter Moses fekk teikn frå Gud som understrekte deira fullmakt frå Herren.

Teikna som profetane gjorde, var følgde av gudsord. Det var Ordet som var viktig, ikkje teikna i seg sjølve. Esekiel fekk nok åtgaum og åtte vyrdnad mellom folket. Etter Herrens bod skulle han gjere symbolhandlingar som eit varsel for folket. Men Gud forklarer meininga med teikna. Dei skulle tene til å vekkje israelsfolket og å få dei til å sjå sin rette stand i høve til Gud.

Gud er den same i vår tid som i Esekiels tid. Også bodskapen er den same. Me ser kan hende ikkje så tidt mektige gjerningar, slike som profetane kunne vise fram. Men me har føremonen av å sjå Gud i lys av Kristi frelsesverk. Medan Esekiels sonoffer berre var eit teikn – ei preike – var Kristi offerdød den sanne forsoninga mellom Gud og menneske. Av Kristi frelsesverk ser me at Gud er ein kjærleg, nådefull og allmektig Gud. Og skulle me framleis ha vondt for å sjå Guds nåde, sender Gud sin Heilage Ande for å verke tru i hjarto. I staden for profetar og teikn har me Guds Ande. Lat oss takke Gud for at me i glimt får ane Kristi soningsverk for våre synder. Og lat oss halde Ordet om Guds frelse og nåde høgt mellom oss, slik Esekiel gjorde det.

Esekiel 4, 4-6
Legg deg så på venstre sida og legg Israels skuld over på den. Like mange dagar som du ligg slik, skal du bera skulda til israelittane.  Like mange år som dei har synda, like mange dagar lèt eg deg få, tre hundre og nitti dagar. Så lenge skal du bera Israels skuld.  Når du er ferdig med desse dagane, skal du leggja deg att, no på høgre sida, og bera skulda til Juda. I førti dagar, éin dag for kvart år, lèt eg deg bera henne.

onsdag 24. april 2013

Esek 3, 14-15 Ei tung teneste

Har du hatt ei tung teneste for Herren? Då kjenner du deg kan hende att i Esekiels lidingar. "Beisk og oppøst", seier Esekiel om seg sjølv. Så blei han sitjande "lamslegen" i sju dagar. Det kan vere mange som stundom har kjent seg "beiske og oppøste", kan hende også "lamslegne", anten ein har stått i organisert kristeleg verksemd eller berre er ein kristen i kvardagen.

Dette kan skuldast to ting, og ein lyt tenkje grundig igjennom forskjellen: Av og til går me utanom Guds plan, eller me går føre Gud i arbeidet. Dette er eit utslag av overmot og mangel på andeleg dømekraft og mognad. Eller så er oppgåva stor og vanskeleg, slik Esekiel fekk røyne. Men det skuldast berre at Gud har mykje Han vil ha utretta. Korleis kan me kjenne skilnaden?

Svaret finn me i vers 14, der Esekiel vitnar om at "Herrens hand var over meg med styrke". Står me i sanning i Herrens teneste og i Herrens kall, vil Han sjølv verne oss med si hand og gje oss styrke, sjølv om motbakkane skulle vere aldri så bratte.

Esek 3, 14-15
Ånda lyfte meg opp og tok tak i meg, eg fór av stad, beisk og oppøst, og Herrens hand var over meg med styrke. Eg kom til dei bortførte i Tel-Abib, dei som budde attmed Kebar-elva og heldt til der. Og der sat eg hos dei i sju dagar, heilt lamslegen.

fredag 19. april 2013

Esekiel 1,28 - 2,2 Menneske, reis deg opp

«Menneske! Reis deg opp, så skal eg tala med deg.» Me høyrer her om kor vennleg Gud taler til det einskilde mennesket. Reis deg opp, sa Han til profeten Esekiel. Med det meinte Han: Du gjer rett i å ære og tilbe meg. Men reis deg nå opp. Eg ønskjer meir enn at du underkastar deg og audmjukar deg. Reis deg opp: Du treng ikkje gje opp di sjølvrespekt eller sjølvakting fordi om du tener Meg og heidrar Meg. Stå opp, så eg kan tale med deg. Eg har noko å seie deg. Eg tek deg på alvor. Eg har høge tankar om deg og store tankar for deg.

Slik taler Gud til den einskilde av oss i dag også. Kvar dag og kvar gong me høyrer Guds Ord forkynt. Likevel er det ikkje alltid så lett å reise seg opp frå støvet når Gud kallar. Kan hende kjenner me skam for Guds åsyn. Kan hende ser me alt for tydeleg det me vantar i lys av Guds lov og bodord. Kan hende kjenner me otte for Gud, me stoler ikkje heilt på Han og veit ikkje heilt om me tør høyre det han har å seie oss.

Esekiel skildrar det som skjedde han: "Då han tala til meg, kom det ånd i meg. Ho reiste meg opp på føtene, og eg kunne høyra han som tala til meg." Guds Ande kom til Esekiel og gav han frimod til å reise seg opp og lytte til Guds tale. Det er rett og sant at me ikkje kan bli ståande framfor Guds åsyn i vår eiga kraft. Men Den Heilage Anden gjev oss tru, frimod, hug og trong til å lytte etter Guds røyst. Og den røysta me høyrer, er full av kjærleik, nåde og venleik. Ingen andre stader får me høyre slik vennleg tale som frå Guds munn.

Esekiel 1,28 - 2,2
Lysglansen såg ut som bogen i skya ein regnvêrsdag. Det var dette Herrens herlegdom likna, slik såg han ut. Då eg fekk sjå det, kasta eg meg ned med andletet mot jorda, og eg høyrde røysta til ein som tala. Han sa til meg: «Menneske! Reis deg opp, så skal eg tala med deg.»  Då han tala til meg, kom det ånd i meg. Ho reiste meg opp på føtene, og eg kunne høyra han som tala til meg.

søndag 7. april 2013

Esek 1,1 Syn av Gud

Då Gud såg at menneske-ætta trong ein frelsar, sende Han Jesus. Då Gud såg at isrelsfolket var i ferd med å gå til grunne - andeleg og som folk, sende Han profeten Esekiel. Jesu underverk, Hans forkynning, Hans oppstode og himmelfart skjedde i ei lagnadstid i soga til menneska. Gud vann over djevel, død og helvete - ein gong for alle - for at alle som vil, skal ha tilgang til Guds evige himmelrike. Det er i det same lyset me lyt sjå Esekiel sitt syn og teneste som profet.

Esekiel verka i ei lagnadstid for israelsfolket. Moralsk forfall og avgudsdyrking hadde ført dei langt bort frå Herren. Liksom Adam og Eva blei vist bort frå Edens hage, var Israel i ferd med å bli utvist av det lova landet. For å vekkje folket og for å berge i alle fall nokon av dei, kjem Gud nær. Han vel seg ut ein profet, Esekiel, og syner seg for han. Dette er eit mektig syn, som Esekiel ikkje kan gløyme. Synet gjev profeten kraft til å stå i den harde tenesta Herren har kalt han til.

Me kan tenkje på Moses og den brennande tornebusken, på Peter, Jakob og Johannes på fjellet og på Paulus' møte med den oppstandne Jesus på vegen til Damaskus.  I viktige vegskil i bibelsoga kjem Gud kloss innpå menneska, Han gjev dei syn av si kraft og sin velde. Han gjev menneska eit bilete av Himmelen. Slik verkar Gud også i våre liv. Då me treng Han mest, er Han nærast. Det kan mange røynde kristne stadfeste. Men for å sjå Han, må me kjenne Han. Det gjer me ved å bruke Guds Ord kvar dag. Jesus seier: "Mine sauer høyrer mi røyst, eg kjenner dei, og dei følgjer meg. Og eg gjev dei evig liv; dei skal ikkje i all æve gå tapt, og ingen skal riva dei ut av mi hand " (Joh 10, 27-28).

Esek 1, 1:
Eg såg syn av Gud

søndag 31. mars 2013

1 Kong 22, 7-9 Når Guds Ord dømer oss

Det hender at me ikkje likar det Gud seier om oss i sitt Ord. Då må me vere på vakt! Slangen i Paradis talte til kvinna og spurte: "Har Gud verkeleg sagt...?" Dermed åt Eva og Adam frukta på treet. Det endte med at dei måtte ut frå Edens hage. Når me ryggar unna for ord i Bibelen, kan me rekne med at sjelefienden er ute for å prøve oss. Guds Ande arbeider på ein heilt annan måte. Guds Ande hjelper oss til å tru Ordet (Joh 14,26; Joh 15,26; 2 Pet 1,21). Men fienden vil helst at me skal tvile. Og skulle me likevel tru, er kjødet veikt og snart til å falle i freisting. Kvar dag møter me dette. Menneskenaturen står Guds Ord imot.

Var det ikkje for Guds nåde, var det ingen som kunne kalle seg ein kristen eller eige vona om eit evig liv i Paradis. Det hadde ikkje vore noka kyrkje der Guds ord blir preikt eller dåp og nattverd halde i hevd. Og me måtte ha slite med vondt samvit og otte like fullt. For Lova står skriven i hjarta til kvart menneske. Det er berre evangeliet om Guds nådefulle kjærleik som må takast imot gjennom Jesus - mellommannen, som har lagt til det me sjølve manglar til frelse og forsoning.

Difor lyt me tenkje oss om før me vender ryggen til Guds Ord. Skulle det hende at Guds Ord dømmer tankane, orda eller gjerningane våre, så er det sanninga om oss. Då skal me i staden gjere bot og vende om. For Gud vil ha oss saman med seg i Paradis. Og Guds Ande vil gje oss eit audmjukt hjarta og eit botferdig sinn, slik at me kan ta imot Guds råd og rette oss etter dei. "For menneske er det umogleg, men ikkje for Gud. Alt er mogleg for Gud" (Mark 10,27).

1 Kong 22, 7-9
Men Josjafat sa: «Er det ingen annan av Herrens profetar her som vi òg kunne spørja?» Israels-kongen svara: «Det finst endå ein som vi kunne få til å spørja Herren. Men eg hatar han, for han profeterer aldri noko godt om meg, berre vondt. Det er Mika, son til Jimla.» Josjafat sa: «Kongen skulle ikkje tala så!»  Då ropa Israels-kongen på ein av hoffmennene og sa: «Skund deg og hent Mika, son til Jimla!»

fredag 22. mars 2013

1 Kong 21, 25-29 Gud miskunnar ein syndar som vender om

Me høyrer i dette kapitlet om korleis kongen og dronninga misbrukte makta si til å rane til seg det som ikkje var deira. Ubunde av tidsalder, omstende, kultur eller religion var framferda deira umoralsk og grufull. Så langt var israelsfolket falle frå Herren sin Gud. Og dei fremste i folket gjekk føre i avgudsdyrking og synd.

Men Gud sende profetar til å tale kongane imot og minte dei om Guds bud og vilje. Stundom sa profetane fram domsord om Guds straffedom for dei som ringeakta Han. Då profeten Elia kunngjorde for kong Ahab at kongsætta ville døy ut med han, trega kongen og gjorde bot for Herren. Han kledde seg i sørgedrakt og fasta. Gud såg at angeren var oppriktig og sann. Då gjorde Gud om sitt råd. Ulukka ville ikkje kome i Ahabs tid.

Lova i forteljinga om Ahab og Jesabel er at menneska ikkje skal ha andre gudar enn Han. Evangeliet er at Gud såg i nåde til Ahab når kongen gjorde bot og av hjarta trega sine synder. Dette er lærestykket frå denne teksten: Me skal elske Herren vår Gud av heile vårt hjarta, av heile vår sjel og av alt vårt vit. Og me skal elske nesten som oss sjølv. Likevel hender det at me mislukkast. Då skal me vende om til Gud i anger og bot. Og Gud vil sjå i nåde til oss og la oss sleppe straffa. Paulus seier det slik: Men no er de vaska reine, de har vorte helga, de er gjorde rettferdige i Herren Jesu Kristi namn og i vår Guds Ande (1 Kor 6,11). Soleis blei Ahab vaska rein frå si synd.

1 Kong 21, 25-29
Aldri har det vore ein slik konge som Ahab. Han selde seg til å gjera det som var vondt i Herrens auge, fordi Jesabel, kona hans, lokka han til det. Men det styggaste var at han følgde avgudane, heilt og fullt som amorittane hadde gjort, dei som Herren hadde drive bort for israelittane.  Då Ahab høyrde kva Elia sa, reiv han sund kleda sine, batt sekkestrie om kroppen og fasta. Han sov i sekkestrien og gjekk stilt omkring. Då kom Herrens ord til Elia frå Tisjbe: «Har du sett at Ahab har audmjuka seg for meg? Fordi han audmjuka seg, vil eg ikkje la ulukka koma i hans tid. Men i tida til son hans vil eg la ulukka koma over hans hus.»