Viser innlegg med etiketten Første kongebok. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Første kongebok. Vis alle innlegg

søndag 31. mars 2013

1 Kong 22, 7-9 Når Guds Ord dømer oss

Det hender at me ikkje likar det Gud seier om oss i sitt Ord. Då må me vere på vakt! Slangen i Paradis talte til kvinna og spurte: "Har Gud verkeleg sagt...?" Dermed åt Eva og Adam frukta på treet. Det endte med at dei måtte ut frå Edens hage. Når me ryggar unna for ord i Bibelen, kan me rekne med at sjelefienden er ute for å prøve oss. Guds Ande arbeider på ein heilt annan måte. Guds Ande hjelper oss til å tru Ordet (Joh 14,26; Joh 15,26; 2 Pet 1,21). Men fienden vil helst at me skal tvile. Og skulle me likevel tru, er kjødet veikt og snart til å falle i freisting. Kvar dag møter me dette. Menneskenaturen står Guds Ord imot.

Var det ikkje for Guds nåde, var det ingen som kunne kalle seg ein kristen eller eige vona om eit evig liv i Paradis. Det hadde ikkje vore noka kyrkje der Guds ord blir preikt eller dåp og nattverd halde i hevd. Og me måtte ha slite med vondt samvit og otte like fullt. For Lova står skriven i hjarta til kvart menneske. Det er berre evangeliet om Guds nådefulle kjærleik som må takast imot gjennom Jesus - mellommannen, som har lagt til det me sjølve manglar til frelse og forsoning.

Difor lyt me tenkje oss om før me vender ryggen til Guds Ord. Skulle det hende at Guds Ord dømmer tankane, orda eller gjerningane våre, så er det sanninga om oss. Då skal me i staden gjere bot og vende om. For Gud vil ha oss saman med seg i Paradis. Og Guds Ande vil gje oss eit audmjukt hjarta og eit botferdig sinn, slik at me kan ta imot Guds råd og rette oss etter dei. "For menneske er det umogleg, men ikkje for Gud. Alt er mogleg for Gud" (Mark 10,27).

1 Kong 22, 7-9
Men Josjafat sa: «Er det ingen annan av Herrens profetar her som vi òg kunne spørja?» Israels-kongen svara: «Det finst endå ein som vi kunne få til å spørja Herren. Men eg hatar han, for han profeterer aldri noko godt om meg, berre vondt. Det er Mika, son til Jimla.» Josjafat sa: «Kongen skulle ikkje tala så!»  Då ropa Israels-kongen på ein av hoffmennene og sa: «Skund deg og hent Mika, son til Jimla!»

fredag 22. mars 2013

1 Kong 21, 25-29 Gud miskunnar ein syndar som vender om

Me høyrer i dette kapitlet om korleis kongen og dronninga misbrukte makta si til å rane til seg det som ikkje var deira. Ubunde av tidsalder, omstende, kultur eller religion var framferda deira umoralsk og grufull. Så langt var israelsfolket falle frå Herren sin Gud. Og dei fremste i folket gjekk føre i avgudsdyrking og synd.

Men Gud sende profetar til å tale kongane imot og minte dei om Guds bud og vilje. Stundom sa profetane fram domsord om Guds straffedom for dei som ringeakta Han. Då profeten Elia kunngjorde for kong Ahab at kongsætta ville døy ut med han, trega kongen og gjorde bot for Herren. Han kledde seg i sørgedrakt og fasta. Gud såg at angeren var oppriktig og sann. Då gjorde Gud om sitt råd. Ulukka ville ikkje kome i Ahabs tid.

Lova i forteljinga om Ahab og Jesabel er at menneska ikkje skal ha andre gudar enn Han. Evangeliet er at Gud såg i nåde til Ahab når kongen gjorde bot og av hjarta trega sine synder. Dette er lærestykket frå denne teksten: Me skal elske Herren vår Gud av heile vårt hjarta, av heile vår sjel og av alt vårt vit. Og me skal elske nesten som oss sjølv. Likevel hender det at me mislukkast. Då skal me vende om til Gud i anger og bot. Og Gud vil sjå i nåde til oss og la oss sleppe straffa. Paulus seier det slik: Men no er de vaska reine, de har vorte helga, de er gjorde rettferdige i Herren Jesu Kristi namn og i vår Guds Ande (1 Kor 6,11). Soleis blei Ahab vaska rein frå si synd.

1 Kong 21, 25-29
Aldri har det vore ein slik konge som Ahab. Han selde seg til å gjera det som var vondt i Herrens auge, fordi Jesabel, kona hans, lokka han til det. Men det styggaste var at han følgde avgudane, heilt og fullt som amorittane hadde gjort, dei som Herren hadde drive bort for israelittane.  Då Ahab høyrde kva Elia sa, reiv han sund kleda sine, batt sekkestrie om kroppen og fasta. Han sov i sekkestrien og gjekk stilt omkring. Då kom Herrens ord til Elia frå Tisjbe: «Har du sett at Ahab har audmjuka seg for meg? Fordi han audmjuka seg, vil eg ikkje la ulukka koma i hans tid. Men i tida til son hans vil eg la ulukka koma over hans hus.»

søndag 17. mars 2013

1 Kong 20,13 Herren skal strida for dykk

Det gamle testamenter er fullt av slag og krigar. Ofte lovar Gud siger til Israels og Judas kongar. Eller tap. Me høyrer tidt at mange fell i desse krigane. I det nye testamentet lærer me å vende det andre kinnet til. Her ser me to sider av Guds rike. Den eine er Guds kamp mot synd, djevel og død. Den andre er den kristne si heilaggjering i Guds Ande. Begge delar er sanne. Og begge delar er like mykje røyndommar nå som før.

Gud kjempar kvar dag ein kamp mot Djevelen. Denne kampen vil Gud vinne den siste dagen. Hadde ikkje Gud stått med oss i denne kampen mot freisting, synd, sjukdom og død, ville ingen blitt frelst, og det hadde ikkje vore noka kyrkje på jord. Men Gud slåsst for oss. Jesus gjekk inn i denne striden og gav livet for oss. Så me kan vere trygge på utfallet. Samstundes kjenner me kvar dag korleis vår fiende herjar, sparkar og slår.

Me kan lite gjere i dette oppgjeret mellom Det gode og Det onde. Men me kan be Guds Ande gje oss styrke til å bli ståande når kampgnyen blir for sterk eller fienden overmannar oss. Moses talte slik til israelsfolket då dei stod andsynes ein stor fare: "Herren skal strida for dykk, og de skal vera stille" (2 Mos 14, 14).  Sjølve striden tek Herren seg av. Og då Jesus stod opp av grava påskedag, var sigeren vunnen ein gong for alle. I Himmelen skal me få oppleve den freden me ikkje fekk her på jord.

1 Kong 20,13 
Då gjekk ein profet fram for Ahab, kongen i Israel, og sa:
          «Så seier Herren:
          Ser du denne store flokken?
          I dag gjev eg han i dine hender,
          og du skal sanna at eg er Herren.»

søndag 10. mars 2013

1 Kong 19, 3-8 Gud er med oss

Profeten Elia er ein av dei store heltane i bibelsoga. Han forkynte Guds ord i ei tid då israelsfolket og kongane deira hadde gløymt sin Gud, den eine sanne Gud. I det ytre kunne det sjå ut til at heidenskapen skulle bli einerådande på jorda. Det var ei lagnadstung tid for Guds kyrkje og Guds freleseverk, kunne me tenkje. Men Herren var like sterk i Elias tid som då Han skapte jorda eller reiste Kristus opp frå dei daude. Me må aldri tenkje at Gud ikkje har styringa eller all makt i Himmel og på jord. Det fekk Elia sanne.

Då profeten Elia var på flukt frå forfølgjarane sine, sat ute i ørkenen og berre ønskte å døy, kom Gud til han. Englar bar fram mat og drikke og talte vennleg til han. Styrkt av denne himmelkosten gjekk profeten etterpå i førti døger. Då han kom til fjellet Horeb, fekk han tale med Gud sjølv. Så blei Elia send for å utføre fleire store oppgåver for Herren. Tenesta var ikkje slutt, og Gud skulle gjere fleire storverk gjennom Elia.

Det skjer nokon gonger at den kristne ikkje ser Guds hand i livet sitt. Det kan vere bratte motbakkar som aldri synest ta slutt. Eller mørke dalar der sola aldri tykkjest skine. Eller bøner me ikkje får svar på. Men forteljinga om Elias viser oss at Gud er den same. Det er ikkje vår synskrins eller  tru eller kjensler det står på. Gud veit kva Han vil, og Han gjennomfører det Han har sett seg føre. "Jesus Kristus er i går og i dag den same, ja, til evig tid" (Hebr 13,8).

1 Kong 19, 3-8
Då vart Elia redd og skunda seg av stad for å berga livet. Han kom til Beer-Sjeba, som ligg i Juda. Der lét han tenesteguten sin bli att. Sjølv gjekk han ei dagsreise ut i ørkenen. Han kom til ein gyvelbusk, sette seg under han og bad om å få døy. «No er det nok, Herre!» sa han. «Ta livet mitt! For eg er ikkje betre enn fedrane mine.» Så la han seg ned og sovna der under gyvelbusken. I det same rørte ein engel ved han og sa: «Stå opp og et!»  Og då han såg seg om, fekk han auge på ein brødleiv, baka på glødande steinar, og ei krukke med vatn ved hovudet sitt. Han åt og drakk og la seg att.  Men Herrens engel kom ein gong til, rørte ved han og sa: «Stå opp og et! Elles blir vegen for lang for deg.»  Då stod han opp og åt og drakk. Og styrkt av maten gjekk han førti dagar og førti netter til han kom til Guds-fjellet, Horeb.

lørdag 2. mars 2013

1 Kong 18, 27-29 Å gå rundt det rette alteret

Herrens profet Elia og Baal-profetane bygde kvart sitt alter. Ball-profetane brukte mesteparten av dagen på å påkalle guden sin. Ingenting skjedde. Men då Elia ropte til Gud: "Herre, svar meg!", for eld frå himmelen og brente opp både offerkjøtet, veden og vatnet dei hadde aust oppå. Folket kasta seg ned med anletet mot bakken fordi dei skjønte at Herren er Gud.

For mennesket er det om å gjere å gå rundt det rette alteret. Tidt let me oss leie rundt andre gudealter. Men der går me forgjeves. Me kastar bort tid og krefter me kunne nytta til betre ting. I verste fall gløymer me heilt Guds alter og tilbedinga der. Me blir avgudsdyrkarar. Om ikkje til Baal, så til alt anna som dreg oss bort frå Guds rike. Det er nok av freistingar og avleiiingar som kan føre den kristne vill, er han ikkje på vakt.

Ved Guds alter går det slik til: Me vender oss til Gud i bøn, og Han svarer. Korleis svarer Han, seier du? Ved å sende Son sin, Jesus Kristus, til jorda som heimsens frelsar. Ved å sende sin Ande til alle som vil vere Guds born, for å skape tru i hjarto deira og minne dei om Guds vilje. Ved å kalle sanne profetar, prestar og predikantar til å trøyste og rettleiie menneske som søkjer fred med Gud. Men me må halde oss til det rette alteret. Då vil Gud sende eld også inn i våre liv.

1 Kong 18, 27-29
Då det hadde vorte middag, hånte Elia dei og sa: «Rop høgare! Han er då gud. Han er vel fallen i tankar, eller han har gått avsides eller er ute på reise. Kanskje han søv og må vakna.» Så ropa dei endå høgare og rispa seg med sverd og spyd, som dei hadde for vane, til blodet rann nedover dei. Då det leid over middag, tok dei til å tala over seg. Slik heldt dei på til den tid grødeofferet blir bore fram. Men det kom ikkje ein lyd; det var ingen som svara og ingen som ensa dei.

fredag 1. mars 2013

1 Kong 17, 5-6 Å leve i tru på Gud

I det ytre er det det ikkje mykje som skil gudfryktige frå vantru menneske. Helst kan det tykkjast at vantru folk blir meir velsigna enn gudfryktige.  Profeten Elias var lydig mot Gud og gjekk med domsord til folket og kongen. Så bad Gud han røme ut i øydemarka. Der skulle han bu. Likeleis var det med enkja i Sarepta. Ho var så fattig at ho tenkte at ho og sonen snart kom til å døy. Men både Elias og enkja var gudelege menneske, langt komne i kjennskap og kjærleik til Gud. Likevel var liva deira fulle av sorg, strev og otte

Slik er det kan hende med mange truande menneske. Gud gjev dei motgang og trengsler. Tidt har den kristne vondt for å skjøne korfor han skal bere så tungt. Stundom er det jamvel slik at dess meir den kristne lever etter Guds kall og bod, dess brattare synest bakken og dess lengre vegen. Dess hardare motbøren og dess større forsakingane

Det kan vere ei trøyst for den truande å lese desse versa om Elias i øydemarka og om enkja i Sarepta. Til Elias sende Gud ramnar med mat morgon og kveld. Det var eit under og eit teikn for Elias om Guds omsut og allmakt. Og den gudfryktige enkja fekk oppleve at mjølkrukka aldri blei tom, og at sonen hennar blei vekt opp av daude. « Søk først Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg», seier Jesus i Bergpreika (Matt 6,33). Det galdt Elias og den fattige enkja. Det løftet gjeld oss og.

1 Kong 17, 5-6
 Så gjekk han og gjorde som Herren hadde sagt. Han gjekk til bekken Kerit, aust for Jordan, og slo seg ned der. Ramnane kom til han med brød og kjøt kvar morgon, og med brød og kjøt kvar kveld, og han drakk av bekken.

lørdag 16. februar 2013

1 Kong 16, 31-33 Med Gud som Herre

Gud krev at me held oss til Han og berre til Han. Gud krev at me lyder boda Hans, og berre boda Hans. Den som vil gå sine eigne vegar, takkar nei til Gud som Far og Herre. Og den som vil ha Gud til Far og Herre, han må halde seg til Gud og leve etter Hans bod. Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av alt ditt vit og av all di makt. Og: ‘ Du skal elska nesten din som deg sjølv.’  (Mark 12, 30-31)

Den kristne lever i verda og er utsett for mange inntrykk og freistingar. Mykje av det som omgjev den kristne, trugar med å føre han bort frå Gud. Sjølv ting som er meint i teneste for det gode, kan føre til fall og nederlag. Men Gud er ein sann og heilag Gud. Det er difor han er Gud. I motsetnad til vaklevorne menneske pyntar ikkje Gud på sanninga. Den som ligg i synd, kan ikkje samstundes ha samfunn med Gud. Den som vil til Himmelen, kan ikkje stå med eitt bein i verda. Den som vil ha Gud til Far, kan ikkje halde djevlelen i handa.

Det var difor Gud baud å utrydde dei heidenske folkeslaga i Israel. Det var difor Han sende profetar for å vekkje opp folket og kongane deira. Og det var difor Han til slutt gav seg sjølv til soning for syndene våre.

Sjølv me som reknar med Jesu frelsesverk, maktar ikkje å elske Gud av heile vårt hjarte og heile vår sjel eller å elske vår neste som oss sjølv. Men me har Jesus - Guds eige offerlam. I Jesus reknar Gud oss som reine og lytelause, som heilage og som sine born. Og me som tek imot denne nåden, kan kalle Gud for far og rekne Han som vår Herre. Og ein dag skal me få kle oss i kvite klede og prise Gud i lovsangskoret. Då er det slutt på vakling og vingling, på fall og nederlag. Då skal me få kvile i Guds Paradis til evig tid.

1 Kong 16, 31-33
Han gifte seg òg med Jesabel, dotter til Etbaal, sidonarkongen, og gav seg til å dyrka Baal og tilbe han. I det Baal-tempelet han bygde i Samaria, reiste han eit altar for Baal. Ahab fekk òg laga ein Asjera-påle, og han heldt fram med å gjera Herren, Israels Gud, rasande. Han bar seg verre åt enn nokon av dei som hadde vore kongar i Israel før han.

onsdag 13. februar 2013

1 Kong 15, 27-29 Ufred og avgudsdyrking

Me får eit innblikk i forfallet til israelsfolket. Det stolte folket som ved Guds makt var fridd ut av Egypt, som var gjeve dei tid bodorda, som hadde fått leiarar som Moses og kongar som David og Salomon og som var gjeve det lova landet til odel og eie, var falle i frå Gud og låg i krig med seg sjølv.

Det var i denne mørke tida at profetane stod fram. Og til slutt kom Kristus sjølv med nådehelsing og frelse til alle menneske - ikkje berre til israelittane, men til heile verda. Ikkje berre til si samtid, men til alle som hadde levd og til alle som vil leve etter Han. Konge og frelsar til evig tid.

Dette er ei stor trøyst. Det hender me er i slekt med dei onde og trulause israelittane i Første kongebok. Sjølv om me har høyrt om Kristus og sett Hans frelsesverk, gjer me det som er ondt i Guds auga. Me ligg i strid med vår neste og med Gud. Vona er at Kristus blei gjeven for all verdsens synder, også for våre. Så tidt som me vender oss til Han i anger og bot, vil Han atter rekne oss som sine brør og Guds born, arvingar til Himmelriket. Mørkret er ikkje evig, og det er ikkje siste haldeplass. Kristus er sterkare. Og Han vann siger i vår stad. "Men dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd" (1 Joh 1,9).


1 Kong 15, 27-29

Basja, son til Ahia av Jissakar-stammen, fekk i stand ei samansverjing mot Nadab og slo han i hel ved Gibbeton, ein by som høyrde filistrane til. Det hende medan Nadab og alle israelittane heldt byen kringsett. Det var i tredje styringsåret til Juda-kongen Asa at Basja drap Nadab og vart konge etter han. Då han hadde vorte konge, slo han i hel heile Jeroboams hus. Han lét ikkje ei levande sjel vera att av kongsætta, men rydda henne heilt ut.

tirsdag 5. februar 2013

1 Kong 13, 26 Guds ord er det einaste som ber

Dette er er eit av dei merkelagste kapitla i Bibelen. Me høyrer om profetiar som blir uttalte og om profetiar som går i oppfylling. Me høyrer om profetar som får ord frå Gud og om profetar som ljuger til einannan. Me høyrer om mirakel og om kongar som blir straffa av Gud, får hjelp av Gud og så gløymer Gud.

Det kan vere mange botnar i alt dette. For meg er lærdommen denne: Me kan ikkje byggje på ord frå store predikantar og profetar. Me kan ikkje leggje til grunn mirakel og store gjerningar. Og me kan ikkje satse på at Gud gjennom tukt eller velsigningar får oss på rett veg. Alt dette er sandgrunn.

Den namnlause gudsmannen me høyrer om i teksten, verka under, talte profetisk og var eit vitne for folket så lenge han heldt seg til Guds ord. Då han følgde med den gamle profeten, sjølv om Gud hadde bydd han det motsatte, måtte han døy. Me blir minna på at Guds Ord står fast. Så lenge me held oss til det, står me i ein stor samanheng. Når me vik frå Guds Ord, går me i fare. Underverk og profetiar, stormenn og predikantar er lunefulle vegleiarar. Guds Ord er det einaste som ber kva som enn hender oss.

I sitt første brev til korintarane skriv Paulus: For jødar spør etter teikn, og grekarar søkjer visdom,  men vi forkynner ein krossfest Kristus. Han er ein snublestein for jødar og ein dårskap for heidningar.  Men for dei som er kalla, både jødar og grekarar, er Kristus Guds kraft og Guds visdom. For Guds dårskap er visare enn menneske, og Guds veikskap er sterkare enn menneske.

1 Kong 13, 26
Då profeten som hadde fått mannen med seg heim frå vegen, fekk høyra det, sa han: «Det er den gudsmannen som trassa Herrens ord. Difor lét Herren løva ta han, og ho har rive han i hel, etter det ordet Herren hadde tala til han.»

søndag 27. januar 2013

1 Kong 14, 8-9 Du gjorde berre det som var rett

Kong David synda grovt. Han braut det femte, det sjette og det tiande bodordet då han tok Batseba frå Uria, sende Uria i krigen for å døy og så gifta seg med Batseba. Seinare i livet blei David freista til å halde folketeteljing for å få stadfesta si makt og sin styrke, sjølv om det var imot Guds vilje.

Likevel seier Gud gjennom profeten Ahia at kong David "... heldt boda mine og følgde meg av heile sitt hjarte, så han berre gjorde det som rett var i mine auge". Dette slår imot oss når me les denne teksten. Korleis kunne Gud seie om drapsmannen og kvinnestelaren, den forfengelege kong David, at han berre gjorde det som rett var i Guds auge?

Truleg finn me svaret i Jonannes' første brev: "Men dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd" (1 Joh 1,9). Kvar gong David synda, angra han djupt. Han gjorde bot og vedgjekk syndene sine for Gud. Dermed heldt Gud han for rettferdig. Kristi blod galdt både fram og tilbake i tid. Det vaska også kong David rein for synd. 

Dette er ei stor trøyst for oss. Me er ikkje betre enn kong David eller kong Jeroboam. Likevel ser Gud oss som heilage og reine dersom me av hjarta sannar syndene våre og gjer bot. Også om deg vil Gud då seie: Du heldt boda mine og følgde meg av heile ditt hjarte. Du gjorde berre det som var rett i mine auge. Dette er kjerna i den kristne bodskapen. Må Den Heilage Ande hjelpe oss til å tru det og setje vår lit til det kvar dag så lenge me lever.

1 Kong 14, 8-9
Eg reiv riket frå Davids hus og gav det til deg. Men du har ikkje vore som David, tenaren min. Han heldt boda mine og følgde meg av heile sitt hjarte, så han berre gjorde det som rett var i mine auge. Men du har bore deg verre åt enn alle dei som var før deg. Du har gått bort og laga deg andre gudar og støypte gudebilete. Slik har du gjort meg rasande. Du har vendt meg ryggen. 

søndag 20. januar 2013

1 Kong 12, 12-14 Guds svar på våre bøner

Folket levde under harde kår. Dei kom til kong Rehabeam og bad han lette børa for dei. Etter nokre dagar svarte kongen: "Nei, de skal få tyngre bører å bere!"

Også på Jesu tid levde jødefolket under hardt styre. Mange håpte at Jesus skulle setje dei fri frå romar-åket. Nokon få såg lengre og bad i staden Jesus om å bli frelst frå trelldom under synd, død og djevel.

Både med kong Rehabeam og med Jesus måtte folket vente i tre lagnadstunge dagar før svaret kom. Rehabeam var, liksom Jesus, av kong Davids ætt. Rehabeam var soneson. Jesus var etterkomar i førtiandre ledd på Josefs side, og kan hende også på mor si, Marias. Det var derfor Jesus blei fødd i Betlehem, i Davids stad.

Men Rehabeam var ikkje Messias, frelsaren som skulle kome i Davids ætteline. Det blei klart då Rehabeam gav eit hard svar til folket. Guds løfte til David (2 Sam 7, 12-19) peikte på Jesus. Då Jesus stod opp frå grava tredje dagen, var det svaret på lengslane og bønene til jødefolket: Då blei det stadfest at Jesus er Guds son, frelsaren, Messias. Med Jesu oppstode, stadfesta Gud at Han er ein kjærlig Gud som ser til verda, at Han er ein nådig Gud som tilgjev syndarar, at Han er sterkare enn synd, død og djevel.

I dagane fram til sin himmelfart talte Jesus mange vennlege ord: "Kvifor græt du, kvinne?". "Fred vere med dykk!". "Kom og et!".  Og Han bad Peter fø lamma Hans, det vil seie ha omsut for den unge kyrkjelyden. Slik held Gud fram med å tale med oss i dag. Me kan rette vår von, våre lengslar og bøner i mange retningar. Men i spørsmålet om frelse, evig liv og fred med Gud, skal me søkje berre Gud. Det er Han som sit med all makt. Og Han svarar med vennlege ord. Alltid.

1 Kong 12, 12-14
Tredje dagen kom Jeroboam og heile folket til Rehabeam, slik som kongen hadde bede dei om då han sa: «Kom hit att til meg om tre dagar!»  Kongen gav dei no eit hardt svar. Han brydde seg ikkje om rådet dei gamle hadde gjeve han, og svara slik dei unge hadde rådd han til: «Far min la eit tungt åk på dykk, eg skal gjera det endå tyngre. Far min tukta dykk med sveper, eg skal tukta dykk med piggreimar.»

lørdag 12. januar 2013

1 Kong 12, 32-33 Kongane fell frå

Då israelsfolket stod på høgda av si makt og sitt velde, med tempelbygging, profetord og kongar som David og Salomo, ser me at dei likevel søkjer til avgdsdyrking og ondskap. Me ser gjennom heile Det gamle testamentet - frå Adam og Eva til Abraham og patriarkane, frå Moses og Josva til kongane David og Salomo - kor tolmodig Gud arbeider med folket Han har valt seg ut. Men gong på gong sviktar folket og vender seg mot Gud.

Me kan ergre seg over denne dårskapen. Men eit kristent menneske kan kjenne seg att i dette. Kor ofte har me ikkje høyrt evangeliet om Guds frelse, men likevel syndar me. Kor godt veit me ikkje at Jesus Kristus døydde for vår skuld, men likevel ringeaktar me hans frelsesverk ved å springe etter pengar, jage etter det som er usunt eller urett og ved å setje oss sjølve framfor andre. I røynda er det med oss som med israelsfolket i tida til kong David og kong Salomo. Og som med jødane på Jesu tid. Trass i at Gud så rikeleg og kvar dag syner seg og si velsigning for alle som vil sjå, skeiner me ut i avgudsdyrking og vantru. I Lukas-evangeliets sekstande kapittel seier Abraham til den rike mannen i dødsriket: "Høyrer dei ikkje på Moses og profetane, så vil dei heller ikkje la seg overtyda om nokon står opp frå dei døde." Det er som om det er uråd for eit menneske å ha fred med Gud.

Det er då me lyt takke Gud for at frelsa ikkje er bygd på oss, vår tru eller våre gjerningar. Frelsa byggjer på Guds nåde, på Guds kjærleik til oss og på Jesu soningsverk på korset. Det finst frelse å få for alle som vil ta imot - ubunde av vår tvil, vantru eller vandel. Det er dette som er det kristne evangeliet.


1 Kong 12, 32-33 
Den femtande dagen i den åttande månaden heldt Jeroboam ein fest slik som den store festen som blir feira i Juda, og han bar fram offer på altaret. Dette gjorde han i Betel: Han ofra til kalvane han hadde laga, og sette prestar frå offerhaugane som han hadde bygd opp, til å gjera teneste i Betel. Offeret bar han fram på altaret han hadde bygd i Betel. Det var den femtande dagen i den åttande månaden, ein dag han hadde valt etter eige hovud. Då lét han israelittane halda høgtid, og sjølv steig han opp til altaret for å tenna offerelden.

søndag 6. januar 2013

1 Kong 11,1-4 Salomos fall

Den store kong Salomo blei avgudsdyrkar. Israels konge, som bygde tempelet i Jerusalem, vende hjarta til andre gudar. Mannen som Gud hadde synt seg for to gonger, miste trua på Gud.

Det er ei skremmande forteljing. Me ser at ein mann som Gud velsigna så rikt som Salomo, i sin alderdom syndar og kjem på avstand frå Gud. Korleis skal det då gå med oss, som ikkje har fått slike openberringar eller nådegåver? Me ser endå ein gong kor lett det er for eit menneske i høg stilling å falle frå. Rikdom, makt og ære fører oss i freisting. Bibelen minner oss på at armod, sorg og sakn kan vere ei betre krybbe for trua enn sølv og gull.

I Bergpreika i Matteus-evangeliets sjette kapittel taler Jesus om dette. Han seier: "Søk først Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg." Løyndommen er å søkje Guds rike først, å halde augo fast  på Jesus Kristus, Guds offerlam og vår frelsar. Då blir me verande i tempelet, i samfunn med Gud, der me er skapte til å vere. Då vil Gud verne oss mot ondskap og synd. Han vil gje oss glede, trøyst og fred - og alt anna me treng i tillegg.


1 Kong 11,1-4
Kong Salomo elska mange framande kvinner forutan dotter til farao. Det var kvinner frå Moab, Ammon, Edom, Sidon og hetittlandet. Dei høyrde til dei folka Herren hadde tala om då han sa til israelittane: «De skal ikkje blanda dykk med dei, og dei ikkje med dykk. Elles kjem dei til å venda hjartet dykkar til gudane sine.» Det var desse kvinnene Salomo heldt seg til og elska. Han hadde sju hundre koner med fyrsteleg rang og tre hundre følgjekoner, og dei førte hjartet hans på avvegar. Det var då Salomo vart gammal at konene hans fekk vendt hjartet hans til andre gudar. Hjartet hans var ikkje lenger heilt med Herren hans Gud, slik hjartet til David, far hans, hadde vore.

tirsdag 1. januar 2013

1 Kong 10, 4-9 Frelse gjennom dårskap

Den store kong Salomo er eit motstykke til Kristus. Til kong Salomo kom dronninga av Saba og andre mektige menn og herskarar. Dei hadde høyrt om hans visdom og rikdom og om tempelet og slottet kong Salomo hadde bygd i Jerusalem. Dei brakte dyre gåver til kongen. Soleis minner desse høge gjestene oss om vismennene som vitja Jesus-barnet i Betlehem. Men der sluttar også likskapen.

Det var visdom og rikdom som fekk folk til å flokke seg om kong Salomo. Salomos rikdom og nådegåver var eit stort vitnesbyrd om Israels Gud. Av orda til dronninga av Saba skjønar me at ho forstod samanhengen. Men kong Salomo kunne ikkje frelse sine gjester med sin visdom og rikskap, like lite som menneskeleg makt og djupsinn kan frelse menneske i dag.

Gud hadde ein annan tanke for verda. Det var ikkje den rike kong Salomo som var frelsaren. Messias, Kristus, blei fødd i armod i ein stall, inn i ein fattig familie. Og den dag i dag er det Ordet om Guds nåde for syndarar som frelser. Det kan synast ringt og smått. Edle gjerningar, klok tale, framgang og velstand kan vere med og peike på Gud. Men frelsa får me ved å lytte til Guds ord. Og det evige liv får me i gåve. Og vissa og trua verkar Gud sjølv i våre hjarto gjennom sin Heilage Ande. Paulus seier det slik i sitt første brev til korintarane, kapittel éin: "For då verda ikkje nytta visdomen til å læra Gud å kjenna i hans visdom, då valde Gud å frelsa dei som trur, ved den dårskapen vi forkynner." 

1 Kong 10, 4-9
Då dronninga av Saba fekk sjå all visdomen til Salomo, huset han hadde bygd,  rettene på bordet hans, hoffmennene der dei sat, tenarane som varta opp, og kleda deira, munnskjenkane til kongen og brennoffera som han bar fram i Herrens hus, mista ho heilt pusten. Ho sa til kongen: «Så var det då sant, det eg høyrde heime i landet mitt om deg og visdomen din!  Eg trudde ikkje det dei fortalde, før eg kom og fekk sjå det med eigne auge. Men no ser eg at dei fortalde meg ikkje halvparten. Du er både visare og rikare enn eg har høyrt. Lukkelege er mennene dine, og lukkelege er desse tenarane, som alltid får stå hos deg og høyra visdomen din! Velsigna vere Herren din Gud, som hadde slik godvilje for deg at han sette deg på Israels kongsstol. Fordi Herren alltid har Israel kjær, har han sett deg til konge, så du skal fremja rett og rettferd.

søndag 30. desember 2012

1 Kong 9, 4-7 Guds løfter

Sjølv om kong David fall i stor synd, seier Gud om David at han ferdest med eit heilt og ærleg hjarte. Det ordet er til trøyst for alle vonbrotne og sørgjande kristne, som treger på synd og urett dei har gjort seg skuldige i. Dersom du gjer bot og vender om, vil Gud ta deg imot og rekne deg som ein som ferdast for Hans andlet med eit heilt og ærleg hjarte. Slik er Gud i Det nye testamentet, der me er vitne til Kristi soning og død for våre synder. Men det er den same Gud som taler trøyst og kveik til kong Salomo i Det gamle testamentet.

Den andre sida av Guds pakt med kong David og kong Salomo er følgjene av å gløyme Gud. Då vil kongen og ætta hans bli rydda ut av landet dei har fått. Og tempelet vil ikkje lenger tene som Guds bustad. Slik er det også med meg og deg. Gløymer me Gud, får me ikkje del i hans nåderike. Me mister Hans velsigning og rike løfter. Me blir  foreldrelause born i ei farleg verd. Det kan skje med oss og at me kjem på avstand frå Gud, mister kursen og må gje opp det som er kjent og kjært. Kan hende må me og tole spottord og vanære. Avgudar og falske løfter kan då lite hjelpe oss.

Jesus var av kong Davids ætt og er den etterkommaren på Israels kongsstol som Gud lova David. I Jesus har me del i Guds nåde og kjærleik. Trass i våre feilsteg og manglar seier Gud om oss, som Han sa om kong David: "Du ferdast for mitt andlet med eit heilt og ærleg hjarte". Og me får eige Guds løfter om Hans omsorg og eit æveleg liv i Himmelen.

1 Kong 9, 4-7
Og du, så sant du ferdast for mitt andlet med eit heilt og ærleg hjarte, som David, far din, gjorde, gjer alt det eg har sagt deg, og held forskriftene og lovene mine, då skal eg tryggja din kongsstol i Israel for all tid, slik som eg lova David, far din, då eg sa: «Det skal aldri mangla ein mann av di ætt på Israels kongsstol.»  Men vender de og borna dykkar seg bort frå meg og ikkje held dei boda og forskriftene som eg har gjeve dykk, men tek til å dyrka andre gudar og tilbed dei,  då skal eg rydda israelittane ut av det landet eg gav dei. Det huset som eg har helga til namnet mitt, vil eg kasta bort frå mitt andlet, og Israel skal bli eit ordtak og eit spottord mellom alle folk. 

lørdag 29. desember 2012

1 Kong 8, 27-30. Høyr bøna om nåde!

Salomo si bøn ved tempelvigslinga er eit høgdepunkt i Det gamle testamentet. Få plassar i Det gamle testamentet ser me dei evangeliske sanningane så tydeleg uttrykt som nett her.

Kong Salomo har nettopp bygd eit fagert tempel og smykka det ut på alle vis. Tempelet er eit symbol på makta og rikdomen til kongen og israelsfolket på denne tida. Likevel mister ikkje Salomo Gud av syne. Salomo er audmjuk og bed om Guds nåde. Kongen kallar seg sjølv tenar. Han veit at det nye gudshuset ikkje kan romme heimsens Skapar.

Slik er kong Salomo eit førebilete for oss alle. Trass i sin store rikdom gløymde han ikkje Gud. Han heldt Gud for allmektig og visste at tempelet var for inkje å rekne målt mot Guds bustad i Himmelen. All Salomos rikdom og ære mellom folkeslaga mona lite andsynes Gud. Og all kongsmakt i landet var ikkje nok til å fri kongen eller folket hans frå synd og Guds straff. Difor bad kong Salomo så inderleg om Guds miskunn over seg og innbyggjarane. Sjølv på vigslingsdagen for det nye tempelet blir ikkje Salomo sjølvgod eller stolt. Han vender seg til Herren og bed om hjelp og nåde.

Kong Salomo si bøn ved tempelvigslinga minner oss på at me ikkje må sjå på kva me sjølve utrettar eller står for. Me lyt vende blikket mot Gud. Det som tel, er Guds nåde og miskunn mot oss. Saman med Salomo kan me be: "Vend deg mot bøna til tenaren din og ropet hans om nåde, Herre, min Gud!" (vers 28).

1 Kong 8, 27-30
Men bur Gud verkeleg på jorda? Sjå, himmelen og himlars himmel kan ikkje rømma deg, langt mindre dette huset som eg har bygd! Vend deg mot bøna til tenaren din og ropet hans om nåde, Herre, min Gud! Høyr ropet frå tenaren din og den bøna han i dag bed for ditt andlet!  Hald auga dine opne over dette huset natt og dag. Vak over den staden der du har lova at namnet ditt skal bu. Høyr dei bønene som tenaren din ber fram, vend mot denne staden!  Ja, høyr den bøna om nåde som tenaren din og Israel, folket ditt, bed, vende mot denne staden! Høyr dei i himmelen der du bur, høyr og tilgjev!

fredag 14. desember 2012

1 Kong 7, 48-50. Guds nærvær

Kong Salomo bygde eit staseleg tempel for Herren. Det var store mål og rik utsmykking. Det blei ikkje spart på handverkarkunst eller materialar. I sju år bygde kong Salomo på tempelet. Til slutt bar han inn utstyr og innredning. Alt var av koppar, bronse, sylv  og gull. Men det er først når paktkista med steintavlene kjem inn at Herrens herlegdom fyller heilagdommen (kap. 8).

Me ser at Herren hadde velsigna Salomo med stor rikdom. Men me høyrer ingenting om Guds nærvær før paktkista og steintavlene med bodorda blir bore inn i Det høgheilage. Me skjønar at Gud ikkje er avhengig av ytre glans og glimmer. Han er til stades overalt der Hans ord blir gjeve rom, utan omsyn til den ytre ramma.

Bibelen er full av døme på dette. Det er mest som Gud søkjer seg til det låge og usæle. «Det er ikkje dei friske som treng lege, men dei sjuke», seier Jesus (Matt 9, 12). Sjølv blei Han fødd i ein lånt stall i ein framand by og inn i ein familie av småkårsfolk. Og Han valde seg læresveinar mellom vanlege arbeidsfolk. Det største dømet er likevel Bibelens ord om at Gud tilgjev ein syndar som vender om. Når Ordet kjem inn i hjarta på eit slikt menneske, er Gud sjølv til stades. Gud fyller det med sin herlegdom. Og syndaren kan vere viss på at hjartet hans er ein like verdig bustad for Gud som det gullsmykka tempelet til Kong Salomo.

1 Kong 7, 48-50
Salomo fekk òg laga alt det andre som skulle vera i Herrens hus: gullaltaret og gullbordet som skodebrøda skulle liggja på; lysestakane, fem til høgre og fem til venstre framfor Det høgheilage, av reint gull, blomeornamenta, lampene og tengene av gull; bollane, knivane, offerskålene, kannene og glopannene av reint gull. Panelet på dørene til det inste rommet, Det høgheilage, og panelet på dørene til tempelhallen var lagt med gull.

søndag 9. desember 2012

1 Kong 6, 12-13. Eg vil bu mellom dykk

"Om du følgjer forskriftene mine..." Her tenkjer Gud ikkje berre på det ytre. Jesus minner oss i Bergpreika om at Gud ser til hjarta (Matt 5 og 6). I tankar, ord og gjerningar lyt me vere heile i vår ferd. Og det som skulle gjerast, lyt ikkje vere ugjort. Då er me heilage for Gud, og Gud vil bu midt mellom oss. Løftet til israelsfolket under Salomo gjeld oss og. Gud er den same i går og i dag og til æveleg tid.

Når Gud bur midt mellom oss, merker me Guds miskunn, nåde og kjærleik kvar dag. Den som lever eit jamnt liv, vil ha fred, tryggleik og ro. Dette er gåver frå Gud i Himmelen. Den som har eit meir ujamnt liv, vil som regel merke Guds nærver endå tydelegare. Mellom hindringar, freistingar og farar, trer Guds nåde, styrke og skaparmakt klart fram. Gud er sterkare enn stormane, otta og sjukdommen. Det er det mange som kan vitne om.

Mennesket må likevel vende seg til Gud og sanne sine synder før det kan glede seg over Guds nærver i livet. Guds løfte om å bu midt mellom folket sitt var knytta til kravet om at folket heldt forskriftene, lovene og bodorda. Dette kravet oppfylte Kristus for oss. "Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss" (Joh 1, 14). Dermed kan me kvar dag glede oss over Guds nærver i vår liv, trass i at synda tidt trengjer seg inn og forstyrrar. Kristus oppfylte lova. Og Gud oppfyller sitt løfte til oss. Me lever ikkje på avstand frå Gud. Han bur midt mellom oss og vil ikkje skiljast frå oss, folket hans.

1 Kong 6, 12-13
«No byggjer du dette huset. Om du følgjer forskriftene mine, held lovene mine, aktar på alle boda mine og følgjer dei, så vil eg gjera mot deg etter det ordet eg gav David, far din. Eg vil bu midt mellom israelittane og ikkje skiljast frå Israel, folket mitt.»

fredag 7. desember 2012

1 Kong 5, 4-5. Pris Gud i gode dagar

Når ein opplever gode dagar, er det lett å gløyme Gud. Kong Salomo hadde ingen motstandarar, og ingen ulykker truga. Men sjølv om han hadde fred, ære og rikdom, kunne han ikkje gløyme Gud. I staden sa han: «Men no har Herren min Gud gjeve meg fred rundt ikring. Det finst ingen motstandar, og inga ulukke trugar. Difor har eg no tenkt å byggja eit hus for namnet til Herren min Gud». Salomo er slik sett eit førebilete for dei fleste i den vestlege verda.

Etter Davids regjeringsår med strider og krigar, styrte Salomo med framgang og fred. Salomos styringstid har likskap med Guds himmelrike. I Himmelen skal me også få oppleve glede og fred. Og der skal me prise Gud. I fredstida under Salomo blei tempelet bygd. Der skulle israelsfolket tene Gud. Fred og gudsteneste. Det er innhaldet og kjenneteiknet på Guds rike. På jorda og i Himmelen.

Heidningen Hiram var konge i Tyrus. Då kong Hiram fekk bod om Salomos byggjeplanar, står det at han blei inderleg glad. Og han gav ordre om at tømmerstokkar og snikkarkyndige frå Libanon skulle sendast til Jerusalem. På den måten blei Guds tempel bygd av materialar frå heidningeland under leiing av heidningar. Me ser korleis grunnvollen for Salomos tempel blei lagd med deltaking av andre enn jødefolket. Gud er ikkje eitt folks Gud og har aldri vore det. Sjølv om Han har gripe inn i verdssoga gjennom israelsfolket på ein særleg måte, ser me alt i Det gamle testamentet korleis Gud rekkjer ut handa for å nå alle menneske. Kvar einskild av oss er skapt i Guds bilete. Hans nåde gjeld kvar og ein av oss. Lat oss glede oss over Guds velsigningar i våre liv. Og prise og takke Han når fred, framgang og tryggleik som blir oss til del. 

1 Kong 5, 4-5
Men no har Herren min Gud gjeve meg fred rundt ikring. Det finst ingen motstandar, og inga ulukke trugar.  Difor har eg no tenkt å byggja eit hus for namnet til Herren min Gud, slik som Herren sa til David, far min: Son din, som eg vil setja på kongsstolen etter deg, han skal byggja huset for namnet mitt.

mandag 3. desember 2012

1 Kong 4, 20-24. Fred på alle kantar

Kong Salomo og israelsfolket fekk glede seg over Guds velsigning. Dei åt, drakk og var glade. Der herska fred på alle kantar. Slik er det å få leve under Guds velsigning. Det står i motsetnad til livet i verda, der krav og tilbod og rikdom ikkje gjev ro i sjela. I det fjortande kapitlet i Johannes-evangeliset les me Jesu ord: "Min fred gjev eg dykk. Eg gjev dykk ikkje fred på samme måten som verda gjer det." Det er denne freden som rår i Israel og Juda under kong Salomo. Og samanhengen er klar: Salomo står under Herrens velsigning. Og har me Herrens velsigning har me også fred. Fred med oss sjølve, fred med nesten og fred med Gud.

Fred, glede og velsigning høyrer Himmelen til. For oss som kristne høyrer dei først og fremst framtida til. Men også i denne verda får me del i Guds velsigning. Me kan tykkje at livet er strevsamt og fylt av sorg og uro. Og det er nok sant. For somme meir og for andre mindre. Samstundes får alle truande menneske eit innblikk i Guds himmel alt medan dei lever på jord. Ifølgje Jesus er me ikkje ringare enn Salomo. I det sjette kapitlet i Matteus' evangelium høyrer me frå Jesu bergpreike: "Sjå liljene på marka, korleis dei veks! Dei strevar ikkje og spinn ikkje, men eg seier dykk: Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom var kledd som ei av dei. Når Gud kler graset så fint, det som veks på marka i dag og blir kasta i omnen i morgon, kor mykje meir skal han ikkje då kle dykk – de lite truande! Difor må de ikkje vera urolege og seia: ‘Kva skal vi eta?’ eller: ‘Kva skal vi drikka?’ eller: ‘Kva skal vi kle oss med?’ For alt dette er heidningane opptekne av. Men Far dykkar i himmelen veit at de treng alt dette. Søk først Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg."  Dette var nok løyndommen til kong Salomo. Han sette Gud og nesten først. Så følgde velsigninga etter. 

1 Kong 4, 20-24
Folket i Juda og Israel var tallaust som sanden ved havet. Dei åt og drakk og var glade. Salomo herska over alle kongerika frå Eufrat til filistarlandet og heilt til grensa mot Egypt. Dei betalte skatt og stod under Salomo så lenge han levde. Til matlaging hos Salomo gjekk det kvar dag med tretti kor fint mjøl og seksti kor grovt mjøl, ti gjødde oksar, tjue drifteoksar og hundre sauer og i tillegg hjortar, gasellar, dådyr og gjødde gjæser. For han herska over alt land vestafor Eufrat, frå Tifsah til Gaza, over alle kongane vestafor Eufrat, og hadde fred på alle kantar rundt ikring. I Juda og Israel, frå Dan til Beer-Sjeba, sat kvar mann trygt under sin vinstokk og sitt fikentre så lenge Salomo levde.