søndag 27. januar 2013

1 Kong 14, 8-9 Du gjorde berre det som var rett

Kong David synda grovt. Han braut det femte, det sjette og det tiande bodordet då han tok Batseba frå Uria, sende Uria i krigen for å døy og så gifta seg med Batseba. Seinare i livet blei David freista til å halde folketeteljing for å få stadfesta si makt og sin styrke, sjølv om det var imot Guds vilje.

Likevel seier Gud gjennom profeten Ahia at kong David "... heldt boda mine og følgde meg av heile sitt hjarte, så han berre gjorde det som rett var i mine auge". Dette slår imot oss når me les denne teksten. Korleis kunne Gud seie om drapsmannen og kvinnestelaren, den forfengelege kong David, at han berre gjorde det som rett var i Guds auge?

Truleg finn me svaret i Jonannes' første brev: "Men dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd" (1 Joh 1,9). Kvar gong David synda, angra han djupt. Han gjorde bot og vedgjekk syndene sine for Gud. Dermed heldt Gud han for rettferdig. Kristi blod galdt både fram og tilbake i tid. Det vaska også kong David rein for synd. 

Dette er ei stor trøyst for oss. Me er ikkje betre enn kong David eller kong Jeroboam. Likevel ser Gud oss som heilage og reine dersom me av hjarta sannar syndene våre og gjer bot. Også om deg vil Gud då seie: Du heldt boda mine og følgde meg av heile ditt hjarte. Du gjorde berre det som var rett i mine auge. Dette er kjerna i den kristne bodskapen. Må Den Heilage Ande hjelpe oss til å tru det og setje vår lit til det kvar dag så lenge me lever.

1 Kong 14, 8-9
Eg reiv riket frå Davids hus og gav det til deg. Men du har ikkje vore som David, tenaren min. Han heldt boda mine og følgde meg av heile sitt hjarte, så han berre gjorde det som rett var i mine auge. Men du har bore deg verre åt enn alle dei som var før deg. Du har gått bort og laga deg andre gudar og støypte gudebilete. Slik har du gjort meg rasande. Du har vendt meg ryggen. 

søndag 20. januar 2013

1 Kong 12, 12-14 Guds svar på våre bøner

Folket levde under harde kår. Dei kom til kong Rehabeam og bad han lette børa for dei. Etter nokre dagar svarte kongen: "Nei, de skal få tyngre bører å bere!"

Også på Jesu tid levde jødefolket under hardt styre. Mange håpte at Jesus skulle setje dei fri frå romar-åket. Nokon få såg lengre og bad i staden Jesus om å bli frelst frå trelldom under synd, død og djevel.

Både med kong Rehabeam og med Jesus måtte folket vente i tre lagnadstunge dagar før svaret kom. Rehabeam var, liksom Jesus, av kong Davids ætt. Rehabeam var soneson. Jesus var etterkomar i førtiandre ledd på Josefs side, og kan hende også på mor si, Marias. Det var derfor Jesus blei fødd i Betlehem, i Davids stad.

Men Rehabeam var ikkje Messias, frelsaren som skulle kome i Davids ætteline. Det blei klart då Rehabeam gav eit hard svar til folket. Guds løfte til David (2 Sam 7, 12-19) peikte på Jesus. Då Jesus stod opp frå grava tredje dagen, var det svaret på lengslane og bønene til jødefolket: Då blei det stadfest at Jesus er Guds son, frelsaren, Messias. Med Jesu oppstode, stadfesta Gud at Han er ein kjærlig Gud som ser til verda, at Han er ein nådig Gud som tilgjev syndarar, at Han er sterkare enn synd, død og djevel.

I dagane fram til sin himmelfart talte Jesus mange vennlege ord: "Kvifor græt du, kvinne?". "Fred vere med dykk!". "Kom og et!".  Og Han bad Peter fø lamma Hans, det vil seie ha omsut for den unge kyrkjelyden. Slik held Gud fram med å tale med oss i dag. Me kan rette vår von, våre lengslar og bøner i mange retningar. Men i spørsmålet om frelse, evig liv og fred med Gud, skal me søkje berre Gud. Det er Han som sit med all makt. Og Han svarar med vennlege ord. Alltid.

1 Kong 12, 12-14
Tredje dagen kom Jeroboam og heile folket til Rehabeam, slik som kongen hadde bede dei om då han sa: «Kom hit att til meg om tre dagar!»  Kongen gav dei no eit hardt svar. Han brydde seg ikkje om rådet dei gamle hadde gjeve han, og svara slik dei unge hadde rådd han til: «Far min la eit tungt åk på dykk, eg skal gjera det endå tyngre. Far min tukta dykk med sveper, eg skal tukta dykk med piggreimar.»

lørdag 12. januar 2013

1 Kong 12, 32-33 Kongane fell frå

Då israelsfolket stod på høgda av si makt og sitt velde, med tempelbygging, profetord og kongar som David og Salomo, ser me at dei likevel søkjer til avgdsdyrking og ondskap. Me ser gjennom heile Det gamle testamentet - frå Adam og Eva til Abraham og patriarkane, frå Moses og Josva til kongane David og Salomo - kor tolmodig Gud arbeider med folket Han har valt seg ut. Men gong på gong sviktar folket og vender seg mot Gud.

Me kan ergre seg over denne dårskapen. Men eit kristent menneske kan kjenne seg att i dette. Kor ofte har me ikkje høyrt evangeliet om Guds frelse, men likevel syndar me. Kor godt veit me ikkje at Jesus Kristus døydde for vår skuld, men likevel ringeaktar me hans frelsesverk ved å springe etter pengar, jage etter det som er usunt eller urett og ved å setje oss sjølve framfor andre. I røynda er det med oss som med israelsfolket i tida til kong David og kong Salomo. Og som med jødane på Jesu tid. Trass i at Gud så rikeleg og kvar dag syner seg og si velsigning for alle som vil sjå, skeiner me ut i avgudsdyrking og vantru. I Lukas-evangeliets sekstande kapittel seier Abraham til den rike mannen i dødsriket: "Høyrer dei ikkje på Moses og profetane, så vil dei heller ikkje la seg overtyda om nokon står opp frå dei døde." Det er som om det er uråd for eit menneske å ha fred med Gud.

Det er då me lyt takke Gud for at frelsa ikkje er bygd på oss, vår tru eller våre gjerningar. Frelsa byggjer på Guds nåde, på Guds kjærleik til oss og på Jesu soningsverk på korset. Det finst frelse å få for alle som vil ta imot - ubunde av vår tvil, vantru eller vandel. Det er dette som er det kristne evangeliet.


1 Kong 12, 32-33 
Den femtande dagen i den åttande månaden heldt Jeroboam ein fest slik som den store festen som blir feira i Juda, og han bar fram offer på altaret. Dette gjorde han i Betel: Han ofra til kalvane han hadde laga, og sette prestar frå offerhaugane som han hadde bygd opp, til å gjera teneste i Betel. Offeret bar han fram på altaret han hadde bygd i Betel. Det var den femtande dagen i den åttande månaden, ein dag han hadde valt etter eige hovud. Då lét han israelittane halda høgtid, og sjølv steig han opp til altaret for å tenna offerelden.

søndag 6. januar 2013

1 Kong 11,1-4 Salomos fall

Den store kong Salomo blei avgudsdyrkar. Israels konge, som bygde tempelet i Jerusalem, vende hjarta til andre gudar. Mannen som Gud hadde synt seg for to gonger, miste trua på Gud.

Det er ei skremmande forteljing. Me ser at ein mann som Gud velsigna så rikt som Salomo, i sin alderdom syndar og kjem på avstand frå Gud. Korleis skal det då gå med oss, som ikkje har fått slike openberringar eller nådegåver? Me ser endå ein gong kor lett det er for eit menneske i høg stilling å falle frå. Rikdom, makt og ære fører oss i freisting. Bibelen minner oss på at armod, sorg og sakn kan vere ei betre krybbe for trua enn sølv og gull.

I Bergpreika i Matteus-evangeliets sjette kapittel taler Jesus om dette. Han seier: "Søk først Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg." Løyndommen er å søkje Guds rike først, å halde augo fast  på Jesus Kristus, Guds offerlam og vår frelsar. Då blir me verande i tempelet, i samfunn med Gud, der me er skapte til å vere. Då vil Gud verne oss mot ondskap og synd. Han vil gje oss glede, trøyst og fred - og alt anna me treng i tillegg.


1 Kong 11,1-4
Kong Salomo elska mange framande kvinner forutan dotter til farao. Det var kvinner frå Moab, Ammon, Edom, Sidon og hetittlandet. Dei høyrde til dei folka Herren hadde tala om då han sa til israelittane: «De skal ikkje blanda dykk med dei, og dei ikkje med dykk. Elles kjem dei til å venda hjartet dykkar til gudane sine.» Det var desse kvinnene Salomo heldt seg til og elska. Han hadde sju hundre koner med fyrsteleg rang og tre hundre følgjekoner, og dei førte hjartet hans på avvegar. Det var då Salomo vart gammal at konene hans fekk vendt hjartet hans til andre gudar. Hjartet hans var ikkje lenger heilt med Herren hans Gud, slik hjartet til David, far hans, hadde vore.

tirsdag 1. januar 2013

1 Kong 10, 4-9 Frelse gjennom dårskap

Den store kong Salomo er eit motstykke til Kristus. Til kong Salomo kom dronninga av Saba og andre mektige menn og herskarar. Dei hadde høyrt om hans visdom og rikdom og om tempelet og slottet kong Salomo hadde bygd i Jerusalem. Dei brakte dyre gåver til kongen. Soleis minner desse høge gjestene oss om vismennene som vitja Jesus-barnet i Betlehem. Men der sluttar også likskapen.

Det var visdom og rikdom som fekk folk til å flokke seg om kong Salomo. Salomos rikdom og nådegåver var eit stort vitnesbyrd om Israels Gud. Av orda til dronninga av Saba skjønar me at ho forstod samanhengen. Men kong Salomo kunne ikkje frelse sine gjester med sin visdom og rikskap, like lite som menneskeleg makt og djupsinn kan frelse menneske i dag.

Gud hadde ein annan tanke for verda. Det var ikkje den rike kong Salomo som var frelsaren. Messias, Kristus, blei fødd i armod i ein stall, inn i ein fattig familie. Og den dag i dag er det Ordet om Guds nåde for syndarar som frelser. Det kan synast ringt og smått. Edle gjerningar, klok tale, framgang og velstand kan vere med og peike på Gud. Men frelsa får me ved å lytte til Guds ord. Og det evige liv får me i gåve. Og vissa og trua verkar Gud sjølv i våre hjarto gjennom sin Heilage Ande. Paulus seier det slik i sitt første brev til korintarane, kapittel éin: "For då verda ikkje nytta visdomen til å læra Gud å kjenna i hans visdom, då valde Gud å frelsa dei som trur, ved den dårskapen vi forkynner." 

1 Kong 10, 4-9
Då dronninga av Saba fekk sjå all visdomen til Salomo, huset han hadde bygd,  rettene på bordet hans, hoffmennene der dei sat, tenarane som varta opp, og kleda deira, munnskjenkane til kongen og brennoffera som han bar fram i Herrens hus, mista ho heilt pusten. Ho sa til kongen: «Så var det då sant, det eg høyrde heime i landet mitt om deg og visdomen din!  Eg trudde ikkje det dei fortalde, før eg kom og fekk sjå det med eigne auge. Men no ser eg at dei fortalde meg ikkje halvparten. Du er både visare og rikare enn eg har høyrt. Lukkelege er mennene dine, og lukkelege er desse tenarane, som alltid får stå hos deg og høyra visdomen din! Velsigna vere Herren din Gud, som hadde slik godvilje for deg at han sette deg på Israels kongsstol. Fordi Herren alltid har Israel kjær, har han sett deg til konge, så du skal fremja rett og rettferd.

søndag 30. desember 2012

1 Kong 9, 4-7 Guds løfter

Sjølv om kong David fall i stor synd, seier Gud om David at han ferdest med eit heilt og ærleg hjarte. Det ordet er til trøyst for alle vonbrotne og sørgjande kristne, som treger på synd og urett dei har gjort seg skuldige i. Dersom du gjer bot og vender om, vil Gud ta deg imot og rekne deg som ein som ferdast for Hans andlet med eit heilt og ærleg hjarte. Slik er Gud i Det nye testamentet, der me er vitne til Kristi soning og død for våre synder. Men det er den same Gud som taler trøyst og kveik til kong Salomo i Det gamle testamentet.

Den andre sida av Guds pakt med kong David og kong Salomo er følgjene av å gløyme Gud. Då vil kongen og ætta hans bli rydda ut av landet dei har fått. Og tempelet vil ikkje lenger tene som Guds bustad. Slik er det også med meg og deg. Gløymer me Gud, får me ikkje del i hans nåderike. Me mister Hans velsigning og rike løfter. Me blir  foreldrelause born i ei farleg verd. Det kan skje med oss og at me kjem på avstand frå Gud, mister kursen og må gje opp det som er kjent og kjært. Kan hende må me og tole spottord og vanære. Avgudar og falske løfter kan då lite hjelpe oss.

Jesus var av kong Davids ætt og er den etterkommaren på Israels kongsstol som Gud lova David. I Jesus har me del i Guds nåde og kjærleik. Trass i våre feilsteg og manglar seier Gud om oss, som Han sa om kong David: "Du ferdast for mitt andlet med eit heilt og ærleg hjarte". Og me får eige Guds løfter om Hans omsorg og eit æveleg liv i Himmelen.

1 Kong 9, 4-7
Og du, så sant du ferdast for mitt andlet med eit heilt og ærleg hjarte, som David, far din, gjorde, gjer alt det eg har sagt deg, og held forskriftene og lovene mine, då skal eg tryggja din kongsstol i Israel for all tid, slik som eg lova David, far din, då eg sa: «Det skal aldri mangla ein mann av di ætt på Israels kongsstol.»  Men vender de og borna dykkar seg bort frå meg og ikkje held dei boda og forskriftene som eg har gjeve dykk, men tek til å dyrka andre gudar og tilbed dei,  då skal eg rydda israelittane ut av det landet eg gav dei. Det huset som eg har helga til namnet mitt, vil eg kasta bort frå mitt andlet, og Israel skal bli eit ordtak og eit spottord mellom alle folk. 

lørdag 29. desember 2012

1 Kong 8, 27-30. Høyr bøna om nåde!

Salomo si bøn ved tempelvigslinga er eit høgdepunkt i Det gamle testamentet. Få plassar i Det gamle testamentet ser me dei evangeliske sanningane så tydeleg uttrykt som nett her.

Kong Salomo har nettopp bygd eit fagert tempel og smykka det ut på alle vis. Tempelet er eit symbol på makta og rikdomen til kongen og israelsfolket på denne tida. Likevel mister ikkje Salomo Gud av syne. Salomo er audmjuk og bed om Guds nåde. Kongen kallar seg sjølv tenar. Han veit at det nye gudshuset ikkje kan romme heimsens Skapar.

Slik er kong Salomo eit førebilete for oss alle. Trass i sin store rikdom gløymde han ikkje Gud. Han heldt Gud for allmektig og visste at tempelet var for inkje å rekne målt mot Guds bustad i Himmelen. All Salomos rikdom og ære mellom folkeslaga mona lite andsynes Gud. Og all kongsmakt i landet var ikkje nok til å fri kongen eller folket hans frå synd og Guds straff. Difor bad kong Salomo så inderleg om Guds miskunn over seg og innbyggjarane. Sjølv på vigslingsdagen for det nye tempelet blir ikkje Salomo sjølvgod eller stolt. Han vender seg til Herren og bed om hjelp og nåde.

Kong Salomo si bøn ved tempelvigslinga minner oss på at me ikkje må sjå på kva me sjølve utrettar eller står for. Me lyt vende blikket mot Gud. Det som tel, er Guds nåde og miskunn mot oss. Saman med Salomo kan me be: "Vend deg mot bøna til tenaren din og ropet hans om nåde, Herre, min Gud!" (vers 28).

1 Kong 8, 27-30
Men bur Gud verkeleg på jorda? Sjå, himmelen og himlars himmel kan ikkje rømma deg, langt mindre dette huset som eg har bygd! Vend deg mot bøna til tenaren din og ropet hans om nåde, Herre, min Gud! Høyr ropet frå tenaren din og den bøna han i dag bed for ditt andlet!  Hald auga dine opne over dette huset natt og dag. Vak over den staden der du har lova at namnet ditt skal bu. Høyr dei bønene som tenaren din ber fram, vend mot denne staden!  Ja, høyr den bøna om nåde som tenaren din og Israel, folket ditt, bed, vende mot denne staden! Høyr dei i himmelen der du bur, høyr og tilgjev!