fredag 14. juni 2013

Esekiel 5, 9-11 Von i ei vond tid

«Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av alt ditt vit.Du skal elska nesten din som deg sjølv’ (Matt 22, 37-39). På denne måten samanfattar Jesus heile Guds lov for menneskeætta.

Men i Esekiel si tid var det ikkje slik. Folket hadde gjort tempelet ureint med avgudsdyrking. Og me høyrer om menneskeeting. Så lågt var Guds folk falle. Ingenting var rett. Folket elska ikkje Gud, men vanhelga Hans heilagdom. Folket elska ikkje kvarandre. I staden sokk dei så lågt eit menneske kan søkke: Foreldre åt borna sine, og borna åt foreldra. Me får skildra ei fråfalls- og ulykkestid som me sjeldan høyrer om i Bibelen eller i verdssoga elles. I Esekiels levetid blei Jerusalem hærteken, Salomo-tempelet øydelagt og israelsfolket tvangsflytta til Babylon.

Liksom Gud jaga Adam og Eva ut av Eden, sende syndfloda i Noas tid og lot israelsfolket vandre i ørkenen i førti år under Moses, slik fekk fråfallet under Esekiel den følgja at folket blei jaga ut or sitt eige land - det lova landet - og måtte bu som framande i Babel. Gjennom Esekiel blir me atter ein gong minna om forskjellen mellom å leve med Gud og å stå Gud imot.

Men ein rest skulle bli spart (Esek 5, 3). I all uroa og fortvilinga var der von. Slik evangelisk, håpefull tale høyrer me også i samband med Adam og Eva, Noa og ørkenvandringa under Moses. På same viset må me leite etter Guds nådeløfter i vår eiga tid og i våre eigne liv. Gud hjelpe oss til å finne dei og halde fast ved dei.

Esekiel 5, 9-11
Eg vil gjera mot deg noko som eg ikkje før har gjort og aldri meir kjem til å gjera, på grunn av alt det avskyelege hos deg. Difor skal foreldre hos deg eta borna sine, og born skal eta foreldra sine. Eg held dom over deg og spreier restane av deg for alle vindar. Difor, så sant eg lever, seier Herren Gud: Fordi du har gjort heilagdomen min urein med alle dei motbydelege og avskyelege gudane dine, skal eg òg bruka rakekniven. Eg vil ikkje visa medkjensle og ikkje spara deg.

torsdag 13. juni 2013

Esek 4, 4-6 Kristus oppfylte teikna

Profeten Esekiel var ikkje Messias. Likevel ser me skuggen av Jesus når Gud talar til han. «Menneskeson», kallar Gud profeten. Det same namnet gav Jesus seg sjølv. Og Esekiel får i oppdrag å «bere folkets misgjerningar».  Mange stader i Det gamle testamentet talar Gud til folket gjennom teikn. Noah fekk regnbogeteiknet. Moses gjorde mange teikn. Og profetane etter Moses fekk teikn frå Gud som understrekte deira fullmakt frå Herren.

Teikna som profetane gjorde, var følgde av gudsord. Det var Ordet som var viktig, ikkje teikna i seg sjølve. Esekiel fekk nok åtgaum og åtte vyrdnad mellom folket. Etter Herrens bod skulle han gjere symbolhandlingar som eit varsel for folket. Men Gud forklarer meininga med teikna. Dei skulle tene til å vekkje israelsfolket og å få dei til å sjå sin rette stand i høve til Gud.

Gud er den same i vår tid som i Esekiels tid. Også bodskapen er den same. Me ser kan hende ikkje så tidt mektige gjerningar, slike som profetane kunne vise fram. Men me har føremonen av å sjå Gud i lys av Kristi frelsesverk. Medan Esekiels sonoffer berre var eit teikn – ei preike – var Kristi offerdød den sanne forsoninga mellom Gud og menneske. Av Kristi frelsesverk ser me at Gud er ein kjærleg, nådefull og allmektig Gud. Og skulle me framleis ha vondt for å sjå Guds nåde, sender Gud sin Heilage Ande for å verke tru i hjarto. I staden for profetar og teikn har me Guds Ande. Lat oss takke Gud for at me i glimt får ane Kristi soningsverk for våre synder. Og lat oss halde Ordet om Guds frelse og nåde høgt mellom oss, slik Esekiel gjorde det.

Esekiel 4, 4-6
Legg deg så på venstre sida og legg Israels skuld over på den. Like mange dagar som du ligg slik, skal du bera skulda til israelittane.  Like mange år som dei har synda, like mange dagar lèt eg deg få, tre hundre og nitti dagar. Så lenge skal du bera Israels skuld.  Når du er ferdig med desse dagane, skal du leggja deg att, no på høgre sida, og bera skulda til Juda. I førti dagar, éin dag for kvart år, lèt eg deg bera henne.