søndag 30. desember 2012

1 Kong 9, 4-7 Guds løfter

Sjølv om kong David fall i stor synd, seier Gud om David at han ferdest med eit heilt og ærleg hjarte. Det ordet er til trøyst for alle vonbrotne og sørgjande kristne, som treger på synd og urett dei har gjort seg skuldige i. Dersom du gjer bot og vender om, vil Gud ta deg imot og rekne deg som ein som ferdast for Hans andlet med eit heilt og ærleg hjarte. Slik er Gud i Det nye testamentet, der me er vitne til Kristi soning og død for våre synder. Men det er den same Gud som taler trøyst og kveik til kong Salomo i Det gamle testamentet.

Den andre sida av Guds pakt med kong David og kong Salomo er følgjene av å gløyme Gud. Då vil kongen og ætta hans bli rydda ut av landet dei har fått. Og tempelet vil ikkje lenger tene som Guds bustad. Slik er det også med meg og deg. Gløymer me Gud, får me ikkje del i hans nåderike. Me mister Hans velsigning og rike løfter. Me blir  foreldrelause born i ei farleg verd. Det kan skje med oss og at me kjem på avstand frå Gud, mister kursen og må gje opp det som er kjent og kjært. Kan hende må me og tole spottord og vanære. Avgudar og falske løfter kan då lite hjelpe oss.

Jesus var av kong Davids ætt og er den etterkommaren på Israels kongsstol som Gud lova David. I Jesus har me del i Guds nåde og kjærleik. Trass i våre feilsteg og manglar seier Gud om oss, som Han sa om kong David: "Du ferdast for mitt andlet med eit heilt og ærleg hjarte". Og me får eige Guds løfter om Hans omsorg og eit æveleg liv i Himmelen.

1 Kong 9, 4-7
Og du, så sant du ferdast for mitt andlet med eit heilt og ærleg hjarte, som David, far din, gjorde, gjer alt det eg har sagt deg, og held forskriftene og lovene mine, då skal eg tryggja din kongsstol i Israel for all tid, slik som eg lova David, far din, då eg sa: «Det skal aldri mangla ein mann av di ætt på Israels kongsstol.»  Men vender de og borna dykkar seg bort frå meg og ikkje held dei boda og forskriftene som eg har gjeve dykk, men tek til å dyrka andre gudar og tilbed dei,  då skal eg rydda israelittane ut av det landet eg gav dei. Det huset som eg har helga til namnet mitt, vil eg kasta bort frå mitt andlet, og Israel skal bli eit ordtak og eit spottord mellom alle folk. 

lørdag 29. desember 2012

1 Kong 8, 27-30. Høyr bøna om nåde!

Salomo si bøn ved tempelvigslinga er eit høgdepunkt i Det gamle testamentet. Få plassar i Det gamle testamentet ser me dei evangeliske sanningane så tydeleg uttrykt som nett her.

Kong Salomo har nettopp bygd eit fagert tempel og smykka det ut på alle vis. Tempelet er eit symbol på makta og rikdomen til kongen og israelsfolket på denne tida. Likevel mister ikkje Salomo Gud av syne. Salomo er audmjuk og bed om Guds nåde. Kongen kallar seg sjølv tenar. Han veit at det nye gudshuset ikkje kan romme heimsens Skapar.

Slik er kong Salomo eit førebilete for oss alle. Trass i sin store rikdom gløymde han ikkje Gud. Han heldt Gud for allmektig og visste at tempelet var for inkje å rekne målt mot Guds bustad i Himmelen. All Salomos rikdom og ære mellom folkeslaga mona lite andsynes Gud. Og all kongsmakt i landet var ikkje nok til å fri kongen eller folket hans frå synd og Guds straff. Difor bad kong Salomo så inderleg om Guds miskunn over seg og innbyggjarane. Sjølv på vigslingsdagen for det nye tempelet blir ikkje Salomo sjølvgod eller stolt. Han vender seg til Herren og bed om hjelp og nåde.

Kong Salomo si bøn ved tempelvigslinga minner oss på at me ikkje må sjå på kva me sjølve utrettar eller står for. Me lyt vende blikket mot Gud. Det som tel, er Guds nåde og miskunn mot oss. Saman med Salomo kan me be: "Vend deg mot bøna til tenaren din og ropet hans om nåde, Herre, min Gud!" (vers 28).

1 Kong 8, 27-30
Men bur Gud verkeleg på jorda? Sjå, himmelen og himlars himmel kan ikkje rømma deg, langt mindre dette huset som eg har bygd! Vend deg mot bøna til tenaren din og ropet hans om nåde, Herre, min Gud! Høyr ropet frå tenaren din og den bøna han i dag bed for ditt andlet!  Hald auga dine opne over dette huset natt og dag. Vak over den staden der du har lova at namnet ditt skal bu. Høyr dei bønene som tenaren din ber fram, vend mot denne staden!  Ja, høyr den bøna om nåde som tenaren din og Israel, folket ditt, bed, vende mot denne staden! Høyr dei i himmelen der du bur, høyr og tilgjev!

fredag 14. desember 2012

1 Kong 7, 48-50. Guds nærvær

Kong Salomo bygde eit staseleg tempel for Herren. Det var store mål og rik utsmykking. Det blei ikkje spart på handverkarkunst eller materialar. I sju år bygde kong Salomo på tempelet. Til slutt bar han inn utstyr og innredning. Alt var av koppar, bronse, sylv  og gull. Men det er først når paktkista med steintavlene kjem inn at Herrens herlegdom fyller heilagdommen (kap. 8).

Me ser at Herren hadde velsigna Salomo med stor rikdom. Men me høyrer ingenting om Guds nærvær før paktkista og steintavlene med bodorda blir bore inn i Det høgheilage. Me skjønar at Gud ikkje er avhengig av ytre glans og glimmer. Han er til stades overalt der Hans ord blir gjeve rom, utan omsyn til den ytre ramma.

Bibelen er full av døme på dette. Det er mest som Gud søkjer seg til det låge og usæle. «Det er ikkje dei friske som treng lege, men dei sjuke», seier Jesus (Matt 9, 12). Sjølv blei Han fødd i ein lånt stall i ein framand by og inn i ein familie av småkårsfolk. Og Han valde seg læresveinar mellom vanlege arbeidsfolk. Det største dømet er likevel Bibelens ord om at Gud tilgjev ein syndar som vender om. Når Ordet kjem inn i hjarta på eit slikt menneske, er Gud sjølv til stades. Gud fyller det med sin herlegdom. Og syndaren kan vere viss på at hjartet hans er ein like verdig bustad for Gud som det gullsmykka tempelet til Kong Salomo.

1 Kong 7, 48-50
Salomo fekk òg laga alt det andre som skulle vera i Herrens hus: gullaltaret og gullbordet som skodebrøda skulle liggja på; lysestakane, fem til høgre og fem til venstre framfor Det høgheilage, av reint gull, blomeornamenta, lampene og tengene av gull; bollane, knivane, offerskålene, kannene og glopannene av reint gull. Panelet på dørene til det inste rommet, Det høgheilage, og panelet på dørene til tempelhallen var lagt med gull.

søndag 9. desember 2012

1 Kong 6, 12-13. Eg vil bu mellom dykk

"Om du følgjer forskriftene mine..." Her tenkjer Gud ikkje berre på det ytre. Jesus minner oss i Bergpreika om at Gud ser til hjarta (Matt 5 og 6). I tankar, ord og gjerningar lyt me vere heile i vår ferd. Og det som skulle gjerast, lyt ikkje vere ugjort. Då er me heilage for Gud, og Gud vil bu midt mellom oss. Løftet til israelsfolket under Salomo gjeld oss og. Gud er den same i går og i dag og til æveleg tid.

Når Gud bur midt mellom oss, merker me Guds miskunn, nåde og kjærleik kvar dag. Den som lever eit jamnt liv, vil ha fred, tryggleik og ro. Dette er gåver frå Gud i Himmelen. Den som har eit meir ujamnt liv, vil som regel merke Guds nærver endå tydelegare. Mellom hindringar, freistingar og farar, trer Guds nåde, styrke og skaparmakt klart fram. Gud er sterkare enn stormane, otta og sjukdommen. Det er det mange som kan vitne om.

Mennesket må likevel vende seg til Gud og sanne sine synder før det kan glede seg over Guds nærver i livet. Guds løfte om å bu midt mellom folket sitt var knytta til kravet om at folket heldt forskriftene, lovene og bodorda. Dette kravet oppfylte Kristus for oss. "Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss" (Joh 1, 14). Dermed kan me kvar dag glede oss over Guds nærver i vår liv, trass i at synda tidt trengjer seg inn og forstyrrar. Kristus oppfylte lova. Og Gud oppfyller sitt løfte til oss. Me lever ikkje på avstand frå Gud. Han bur midt mellom oss og vil ikkje skiljast frå oss, folket hans.

1 Kong 6, 12-13
«No byggjer du dette huset. Om du følgjer forskriftene mine, held lovene mine, aktar på alle boda mine og følgjer dei, så vil eg gjera mot deg etter det ordet eg gav David, far din. Eg vil bu midt mellom israelittane og ikkje skiljast frå Israel, folket mitt.»

fredag 7. desember 2012

1 Kong 5, 4-5. Pris Gud i gode dagar

Når ein opplever gode dagar, er det lett å gløyme Gud. Kong Salomo hadde ingen motstandarar, og ingen ulykker truga. Men sjølv om han hadde fred, ære og rikdom, kunne han ikkje gløyme Gud. I staden sa han: «Men no har Herren min Gud gjeve meg fred rundt ikring. Det finst ingen motstandar, og inga ulukke trugar. Difor har eg no tenkt å byggja eit hus for namnet til Herren min Gud». Salomo er slik sett eit førebilete for dei fleste i den vestlege verda.

Etter Davids regjeringsår med strider og krigar, styrte Salomo med framgang og fred. Salomos styringstid har likskap med Guds himmelrike. I Himmelen skal me også få oppleve glede og fred. Og der skal me prise Gud. I fredstida under Salomo blei tempelet bygd. Der skulle israelsfolket tene Gud. Fred og gudsteneste. Det er innhaldet og kjenneteiknet på Guds rike. På jorda og i Himmelen.

Heidningen Hiram var konge i Tyrus. Då kong Hiram fekk bod om Salomos byggjeplanar, står det at han blei inderleg glad. Og han gav ordre om at tømmerstokkar og snikkarkyndige frå Libanon skulle sendast til Jerusalem. På den måten blei Guds tempel bygd av materialar frå heidningeland under leiing av heidningar. Me ser korleis grunnvollen for Salomos tempel blei lagd med deltaking av andre enn jødefolket. Gud er ikkje eitt folks Gud og har aldri vore det. Sjølv om Han har gripe inn i verdssoga gjennom israelsfolket på ein særleg måte, ser me alt i Det gamle testamentet korleis Gud rekkjer ut handa for å nå alle menneske. Kvar einskild av oss er skapt i Guds bilete. Hans nåde gjeld kvar og ein av oss. Lat oss glede oss over Guds velsigningar i våre liv. Og prise og takke Han når fred, framgang og tryggleik som blir oss til del. 

1 Kong 5, 4-5
Men no har Herren min Gud gjeve meg fred rundt ikring. Det finst ingen motstandar, og inga ulukke trugar.  Difor har eg no tenkt å byggja eit hus for namnet til Herren min Gud, slik som Herren sa til David, far min: Son din, som eg vil setja på kongsstolen etter deg, han skal byggja huset for namnet mitt.

mandag 3. desember 2012

1 Kong 4, 20-24. Fred på alle kantar

Kong Salomo og israelsfolket fekk glede seg over Guds velsigning. Dei åt, drakk og var glade. Der herska fred på alle kantar. Slik er det å få leve under Guds velsigning. Det står i motsetnad til livet i verda, der krav og tilbod og rikdom ikkje gjev ro i sjela. I det fjortande kapitlet i Johannes-evangeliset les me Jesu ord: "Min fred gjev eg dykk. Eg gjev dykk ikkje fred på samme måten som verda gjer det." Det er denne freden som rår i Israel og Juda under kong Salomo. Og samanhengen er klar: Salomo står under Herrens velsigning. Og har me Herrens velsigning har me også fred. Fred med oss sjølve, fred med nesten og fred med Gud.

Fred, glede og velsigning høyrer Himmelen til. For oss som kristne høyrer dei først og fremst framtida til. Men også i denne verda får me del i Guds velsigning. Me kan tykkje at livet er strevsamt og fylt av sorg og uro. Og det er nok sant. For somme meir og for andre mindre. Samstundes får alle truande menneske eit innblikk i Guds himmel alt medan dei lever på jord. Ifølgje Jesus er me ikkje ringare enn Salomo. I det sjette kapitlet i Matteus' evangelium høyrer me frå Jesu bergpreike: "Sjå liljene på marka, korleis dei veks! Dei strevar ikkje og spinn ikkje, men eg seier dykk: Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom var kledd som ei av dei. Når Gud kler graset så fint, det som veks på marka i dag og blir kasta i omnen i morgon, kor mykje meir skal han ikkje då kle dykk – de lite truande! Difor må de ikkje vera urolege og seia: ‘Kva skal vi eta?’ eller: ‘Kva skal vi drikka?’ eller: ‘Kva skal vi kle oss med?’ For alt dette er heidningane opptekne av. Men Far dykkar i himmelen veit at de treng alt dette. Søk først Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg."  Dette var nok løyndommen til kong Salomo. Han sette Gud og nesten først. Så følgde velsigninga etter. 

1 Kong 4, 20-24
Folket i Juda og Israel var tallaust som sanden ved havet. Dei åt og drakk og var glade. Salomo herska over alle kongerika frå Eufrat til filistarlandet og heilt til grensa mot Egypt. Dei betalte skatt og stod under Salomo så lenge han levde. Til matlaging hos Salomo gjekk det kvar dag med tretti kor fint mjøl og seksti kor grovt mjøl, ti gjødde oksar, tjue drifteoksar og hundre sauer og i tillegg hjortar, gasellar, dådyr og gjødde gjæser. For han herska over alt land vestafor Eufrat, frå Tifsah til Gaza, over alle kongane vestafor Eufrat, og hadde fred på alle kantar rundt ikring. I Juda og Israel, frå Dan til Beer-Sjeba, sat kvar mann trygt under sin vinstokk og sitt fikentre så lenge Salomo levde.

søndag 2. desember 2012

1 Kong 3, 5-14. Å vente alt godt frå Gud

Å vente alt godt frå Gud er sjølve grunnfjellet i trua. Gud vil me skal vende oss til Han og ha tillit til Han. Det stadfester Han når Han seier til Salomo:  «Bed om kva du vil. Eg skal gje deg det!». Dette er ikkje tomme løfter, ikkje til Salomo og ikkje til oss. Gud vil me skal vende oss til Ham i bøn, og Han vil velsigne oss i alle andelege og timelege ting..

Me merker oss at David i si bøn tek til med ei lang lovprising av Gud. Det minner oss om at i vårt bøneliv og trudomsliv er Gud midtpunktet og vår trong og våre ønskjer mindre viktige. Slik er det også i Fadervår, der me i hovudsak prisar og ærar Gud, og berre kort nemner våre behov. Ei slik haldning er rett i all bøn. For Gud vil gje oss det me skal ha i rett tid, i rett mål og på rette måten. Korleis og når han vil velsigne oss, veit berre Han.

Kong Salomo bad om å få tene folket sitt som ein vis konge og dommar. Han bad ikkje først og fremst for seg sjølv. Dette er ei rett bøn for Gud. For når me tener vår neste, tener me også Gud. Dermed gjev Gud også Salomo alt anna i tillegg: eit langt liv, rikdom og ære. Dette fortel oss noko om Gud. Så sant me let Han, vil Han velsigne oss med rike gåver. Men då må me setje Gud og nesten først. I det sjette kapitlet i Matteus-evangeliet står det slik: «Søk først Guds rike og Hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg».

1 Kong 3, 5-14
I Gibeon synte Herren seg for Salomo i ein draum om natta. Gud sa: «Bed om kva du vil. Eg skal gje deg det!»  6 Salomo svara: «Du har vist stor miskunn mot din tenar David, far min, fordi han ferdast for ditt andlet i truskap og rettferd og hadde eit hjarte som var ærleg. Og denne store miskunn har du halde fast på. Du gav han ein son som skulle sitja på kongsstolen hans, så som det er i dag. No har du, Herre, min Gud, gjort tenaren din til konge etter David, far min. Men eg er berre ein ungdom og veit ikkje korleis eg skal bera meg åt i eitt og alt.  Her står tenaren din midt imellom folket ditt som du har valt ut, eit folk så stort at det ikkje kan teljast, og så talrikt at det ikkje kan reknast.  Så gjev då tenaren din eit hjarte som kan høyra, så eg kan styra folket ditt og skilja mellom godt og vondt. For kven kan elles styra dette folket, så stort som det er?» At nett dette var svaret frå Salomo, var godt i Herrens auge. Og Gud sa til han: «Sidan du bad om dette og ikkje om eit langt liv eller rikdom eller at fiendane dine skulle døy, men om vit til å skjøna kva som er rett, så vil eg gjera det du har bede om. Eg gjev deg eit vist og vitug hjarte. Aldri før har det vore nokon som deg, og din like skal heller aldri koma. Og det du ikkje bad om, vil eg gje deg, både rikdom og ære. Så lenge du lever, skal det ikkje finnast din like mellom kongane. Og ferdast du på mine vegar og held lovene og boda mine, liksom David, far din, gjorde, så skal eg gje deg eit langt liv.»

1 Kong 2, 5-9. Davids dom og Kristi dom

Me høyrer her om Davids dom over sine fiendar. Då David låg på det siste, felte han harde dommar over menn som hadde stått han imot gjennom livet: Adonja, Joab og Sime’i. Éin mann og hans søner skulle likevel få leve – Barsillai

Desse dommane står som ein parallell til dommedag ved heimsens ende. Slik det vil vere når Kristus dømmer på den siste dagen, gav også David nokon ein hard dom medan andre fekk gå fri. Dette kapitlet i Første kongebok minner oss såleis om Guds heilagdom og djupnene og høgdene i det kristne evangeliet.

David dømde etter den gamle pakta - auga for auga, tann for tann. Den som ikkje retta seg etter lova, måtte døy. I den første tida etter at Israel har busett seg i det lova landet, tillot Gud at avgudsdyrkarar og heidningar - folkeslag som budde der frå før - ble drepne for fote. Dei måtte døy for at Guds frelsesplan og gode vilje for alle menneske skulle få ein plass å spire og vekse seg sterk. Nett som synda ikkje har nokon plass i Guds himmel – i Paradiset.

Det er likevel ein stor skilnad mellom kong Davids dom og Kristi dom på dommedag. David dømde etter Moselova. Kristus dømmer etter Guds nåde, «så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv» (Joh 3, 16). Mose lov gjeld ennå. Me er like skuldige for Gud som Adonja, Joab og Sime’i var forDavid. Men Gud byd oss inn i sitt nåderike. Der skal me ikkje dømast etter forteneste, men etter nåde. For Kristus har sona vår straff. Han har teke på seg dommen me skulle hatt. Dette er djupet og høgda i det kristne evangeliet.

1 Kong 2, 5-9
Du veit jo sjølv kva Joab, son til Seruja, gjorde mot meg og mot dei to hærførarane i Israel, Abner, son til Ner, og Amasa, son til Jeter: Han drap dei og lét blod renna i fredstid. Slik fekk han krigsblod på beltet han hadde om livet, og på skorne han hadde på føtene.  Bruk no det gode vitet ditt. Lat ikkje den gamle og gråhåra mannen fara i fred til dødsriket.  Men mot sønene til Barsillai frå Gilead skal du gjera godt. Lat dei vera mellom dei som et ved bordet ditt. For dei tok venleg imot meg då eg flykta frå Absalom, bror din.  Du har òg hos deg Sjimi, son til Gera frå Bahurim, av Benjamin-stammen. Det var han som forbanna meg så stygt den dagen eg var på veg til Mahanajim. Men seinare kom han og møtte meg nede ved Jordan. Då svor eg ved Herren at eg ikkje skulle la han døy for sverd.  Men du må ikkje la han sleppa straff. Du er ein klok mann og veit nok kva du skal gjera med han. Lat han gå ned til dødsriket med blod i det gråe håret sitt.

1 Kong 1, 50-53. Adonja søkjer til heilagdomen.

Salomos storebror, Adonja, ville ha trona til Salomo. Med det gjekk han imot Guds vilje. Men då Adonja skjønte at Salomo likevel kom til å bli konge, gjorde han teikn til anger. Han søkte vern i Guds hus, ved å ta tak i eitt av dei fire alternhorna. Av dette ser me korleis sjølv dårlege menneske kan vere gode førebilete for oss. Når me blir skremde av våre eigne onde tankar, ord og gjerningar, så må me óg haste til Gud og søkje ly hos Han. Me lyt klamre oss til alterhornet og trygle Han om miskunn. Då vil Gud vere oss nådig.

Me ser av fortellingen at kong Salomo også var nådig mot sin eldre bror. - Gå heim til ditt hus, baud kongen. Slik var lova. Den som søkte vern i heilagdomen, skulle sleppe fri. Dette er også ein hovudregel i kristendomen. Går me til Gud med vår skuld og våre lovbrot, tilgjev Gud det gale me har gjort. Me har kan hende ikkje noko alter å gripe tak i. Men me kan halde fast på Guds løfter, slik me høyrer om dei i Bibelen. Det er ein god ting for syndaren å søkje til Bibelen for å få råd og trøyst. Det er lett å sjå ned på Adonja. Han får ikkje mykje fagnad i Skrifta. Men me lyt hugse han med vyrdnad av éin grunn: Han søkte til heilagdomen når han blei skremd av sitt eige brotsverk

1 Kong 1, 50-53
Adonja vart så redd Salomo at han reiste seg, gjekk av stad og greip fatt i altarhorna. Salomo fekk melding om at Adonja var vorten så redd kongen at han hadde gripe tak i altarhorna og sagt: «No må kong Salomo sverja på at han ikkje vil la tenaren sin døy for sverd.» Salomo sa: «Oppfører han seg som ein heiderleg mann, skal det ikkje bli krumma eit hår på hovudet hans. Men gjer han seg skuldig i noko vondt, skal han døy.» Så sende kong Salomo folk av garde for å henta han ned frå altaret. Då han kom til kong Salomo, kasta han seg ned for han, og Salomo sa til han: «Du kan gå heim.».

2 Sam 24, 14. David søker Gud i sin syndenød

David innså at han var i stor nød. Denne innsikten hadde han fra Gud. Fordi David hørte Gud til, skjelnet han mellom rett og galt. Han kjente Guds vilje. Denne innsikten har bare en kristen.

Bare en kristen kan komme i syndenød. Det er mer enn bare å føle på en dårlig samvittighet. Syndenød er å vite at man er kommet på avstand fra Gud ved å bryte Hans vilje og bud. Det bruddet hadde David gjort seg skyldig i når han i hovmod telte soldatene sine.

David var en stor kristen. Det vil si: Den Hellige Ånd virket store ting i hans hjerte. Dermed hadde han stor innsikt om seg selv og om Gud. Han erkjente at han var en synder. Samtidig satte han all sin lit til Gud. Det er det ikke alle mennesker som får til. Det er kjennetegnet på en moden, erfaren kristen som har levd med Gud gjennom mange år. Vi ser også at David nå var ved enden på sin livsvandring.

Selv om David ventet å bli straffet, og erkjente at han hadde gjort seg skyldig til straff, ville han heller falle i Guds hender enn i menneskers. David visste at mennesker er uberegnelige og kan være både lunefulle og svikefulle. Men Gud er forutsigbar, rettferdig og nådig selv når Han straffer. Derfor søkte David til Gud som sin dommer. David ventet alt godt fra Gud, selv i straffens time. Det er et forbilde på stor tro.

Å tro er å vente alt godt fra Gud – under alle omstendigheter. Gud virker sånn tro i våre hjerter når vi leser og hører Hans Ord og samtaler om det. Med et troende hjerte vil også vi søke til Gud i vår nød og ulykke. Vi vil være tryggere der enn blant mennesker. Og i det store spørsmålet om liv og død, har Jesus tatt på seg vår straff for at vi skal gå fri. Med rette søkte David Gud i sin syndenød.

2 Sam 24, 14
Då David stod opp om morgonen, var Herrens ord kome til profeten Gad, sjåaren til David: «Gå til David og sei: Så seier Herren: Tre ting legg eg fram for deg. Vel ein av dei, og eg vil la han ramma deg.» Så gjekk Gad til David og melde det til han. Han sa: «Skal det koma hungersnaud over landet ditt i sju år? Skal du vera på flukt frå fiendane dine i tre månader medan dei forfølgjer deg? Eller skal det skal koma pest over landet ditt i tre dagar? Tenk etter og gjer opp med deg sjølv kva eg skal svara han som har sendt meg.» David sa til Gad: «Eg er i stor naud. Lat oss då helst falla i Herrens hand! For hans miskunn er stor. Men i menneskehand vil eg ikkje falla.»

2 Sam 23, 1-5. Tillit til Gud


Dette er kong Davids siste ord. Kong David var den største av Israels kongar. Han var også på mange måtar ein tragisk person. Han fall i synd og hyste onde tankar. Likevel hadde han Guds nåde og velsigning. Dette fortel noko om Guds vesen. Her ser me Bibelen sin Gud.

Gud sette David høgt. Gud salva David til konge. Herrens Ande talte gjennom han, slik me framleis kan sjå det i alle David-salmane i Salmenes Bok i Bibelen. Guds ord var på Davids tunge.
David taler profetisk, han har fått ord rett frå Gud: Ein rettferdig herskar skal stå fram, ein som herskar i gudsfrykt. David var på mange måtar eit forbilete på Kristus som konge for Guds kyrkje. Men den herskaren som skal kome, skal vere lik lyset om morgonen når sola står opp, ein morgon utan skyer. Dette er ein av dei mange Kristus-profetiane i Det gamle testamentet. Trass i sine manglar og fall må David ha vore ein stor mann som stod Gud nær. Det er ikkje alle menneske som kan gje slike vitnesbyrd når dei skal ta avskil med denne verda. Det kunne vere eit ønskje og ei bøn om nokon av oss også fekk ende livet med slik mektig tale.

Til slutt nemner David pakta som huset hans har med den levande Gud. Ei evig pakt – trygga og ordna i alle delar. All mi frelse og alt godt – skulle Han ikkje late det gro fram? David må ha hatt ei veldig tillit til Gud. Og denne tillita hadde han heilt til sin dødsdag. Slik tillit – slik tru – veks ikkje fram av seg sjølv. Ho er planta der av Gud. Skal me få del i noko av det same, må Gud legge det inn i sjela vår. Då kan me og gje vitnesbyrd om Gud som Frelsar og om Guds pakt med si kyrkje.  Der Gud kjem menneske nær, blir det gode preiker.

2 Sam 23, 1-5

Så seier David, son til Isai,
          så seier mannen som Gud har reist opp,
          han som er salva av Jakobs Gud,
          og som har dikta Israels songar:
   
 2 Herrens Ande talar gjennom meg,
          hans ord er på mi tunge.
   
 3 Israels Gud har tala,
          til meg har Israels berg sagt:
          «Den som styrer menneske med rettferd,
          den som rår med gudsfrykt,

   
 4 er lik morgonlyset når sola går opp
          ein morgon med skyfri himmel;
          gjennom solskin og regn
          lèt det graset gro fram or jorda.»
   
 5 Slik har mitt hus det med Gud.
          For han har gjort ei evig pakt med meg,
          vel ordna og trufast halden.
          Ja, alt som tener til mi frelse,
          alt eg ønskjer, lèt han gro fram.